Repetisjonsspørsmål om salsprosessen - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Repetisjonsspørsmål om salsprosessen

Korleis lærer du best? Lag din eigen læringsstrategi for å lære om salsprosessen. Arbeid med fagstoffet, og svar på repetisjonsspørsmål individuelt. Gå deretter saman med ein læringspartnar, og still kvarandre annakvart spørsmål.

Spør kvarandre!

For at du skal hugse kva salsprosessen er, og kva som inngår i kvar fase, er det lurt å arbeide med fagstoffet og tvinge deg sjølv til å bruke eigne ord for å forklare fagomgrep. Det er då du verkeleg lærer!

For å lære på ein annan måte kan du prøve å lære fagstoffet bort til den du sit ved sida av. Då er du nærast sikker på at du kan det, for det du lærer bort til andre, det du kunne sjølv. Svar derfor først skriftleg på spørsmåla på eiga hand. Gå så saman med den du sit med, og still kvarandre annakvart spørsmål.

Repetisjonsspørsmål

  1. Forklar med eigne ord kva som er meint med omgrepa

    1. sal

    2. salsprosessen

  2. Gjer greie for

    1. planleggingsfasen

    2. kontaktfasen

    3. behovsanalysefasen

    4. argumentasjons- og demonstrasjonsfasen

    5. salsavslutningsfasen

    6. oppfølgingsfasen

  3. Kva er meint med "sanningsaugneblinken"?

  4. Kva kjenneteiknar eit godt salsargument?

  5. Kva er føremålet med kundeoppfølging etter at eit sal er avslutta?

  6. Kva trur du er forskjellen på ein salsorientert og ein kundeorientert seljar?

  7. Beskriv nokre viktige eigenskapar hos ein god seljar.

  8. Kva inneber god salskompetanse?

  9. Salgs- og reklameforeningen i Bergen har ei årleg kåring av årets unge seljarførebilete. Øyvind Lien, som du kan sjå i videoen under, var ein av finalistane i 2019. Noter ned det du meiner er det viktigaste stikkordet knytt til sal som Øyvind fortel om i videoen.

Øyvind Lien frå Fjord Line blei i 2019 nominert til årets unge seljarførebilete av Salgs- og reklameforeningen i Bergen. Sjå kva han meiner er viktig for å lykkast som seljar. Video: Leverandør / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2017