Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Ulike smertetilstandar

Akutte smerter er eit varselsignal om sjukdom eller skade. Smertene forsvinn som regel når vi har blitt friske. Langvarige smerter varer i meir enn tre månader, og for nokre menneske resten av livet. Sjå filmen (lengde 10:05) om korleis du møter pasientar med ulike smertetilstandar på ein god måte.
Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Forklar forskjellen mellom akutte og langvarige smertetilstandar.

  2. Korleis kan akutte smerter verne kroppen mot skade?

  3. Korleis kan du hjelpe ein pasient med langvarige smerter med å meistre kvardagen?

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 21.08.2026