Hopp til innhald
Film og filmklipp

Praktisk ernæringsarbeid

Helsefagarbeidaren har ei sentral rolle i det praktiske ernæringsarbeidet både i og utanfor institusjon. Du treng derfor kompetanse både om kosthald og ernæring og om korleis du kan førebyggje, avdekkje og behandle feil- og underernæring.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er brukarar som bur i eigen heim, meir utsette for feilernæring enn bebuarar på sjukeheim?

  2. Kva kan vere årsaker viss bebuarar på sjukeheimar er underernærte?

  3. Kvifor er det viktig med tverrfagleg samarbeid om ernæring?

  4. Korleis kan du som helsefagarbeidar skape trivsel og livsglede i samband med måltid?

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2021