Eit sunt og variert kosthald kan fremje helse og førebyggje sjukdom.
Oppfølging av ernæringsmessige behov er ein del av plikta helsepersonell har til å yte fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp.
For nokre diagnosar og sjukdomstilstandar er endringar i kosthaldet ein sentral del av behandlinga for å betre helsa og førebygge forverring av sjukdommen.