Fagstoff
Film
Måltidets muligheter
I denne dokumentaren (38:04) følger vi bebuarar på ein sjukeheim og ser korleis dei opplever maten og måltida. Med enkle middel og litt inspirasjon frå kostøkonomen Erlend Eliassen blir måltida løfta. Sjå dokumentaren saman i klassen. Undervegs kan de notere stikkord frå filmen.
Film: Cynergi Film & TV / CC BY-SA 4.0
Reflekter saman i klassen
Kvifor er gode måltid ekstra viktig på ein sjukeheim eller annan institusjon for eldre?
Kva er eit godt måltid for eldre?
Kvifor er det viktig med god kommunikasjon og samarbeid mellom kjøkkenet og helsefagarbeidarane?
Tittelen av filmen er Måltidets muligheter. Kva moglegheiter kan det ligge i eit måltid?
Kvifor trur de dei har valt denne tittelen? Kva slags bodskapar prøver filmen å formidle?