Observasjonar ved slutten av livet - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Observasjonar ved slutten av livet

Det er viktig at helsepersonellet observerer teikn og symptom på at livet går mot slutten, og rapporterer vidare, slik at pårørande kan varslast om at døden er nært foreståande. Då kan pårørande få moglegheit til å vere til stades dersom dei ønskjer det.

Symptom på at livet går mot slutten

  • reduksjon i fysisk aktivitet og eigenomsorg
  • auka søvnbehov eller nedsett medvit
  • svekt orienteringsevne eller aukande forvirring
  • angst, depresjon eller psykisk stress
  • dårleg matlyst, forstopping, kvalme eller oppkast
  • munntørrleik
  • smerter

Symptom på at døden kan vere nær ved å kome

  • kalde føter og hender
  • blåmarmorering
  • bleik hud
  • ufrivillig avgang av urin og avføring
  • temperaturauke eller sveitteutbrot
  • tørr munn og tørre lepper
  • langsamt tap av kontroll over skjelettmuskulatur
  • aukande kjensleløyse og svekte sansar
  • nedsett medvit eller medvitsløyse
  • vanskeleg anding eller Cheyne-Stokes-respirasjon
  • forandringar i ansiktet

Informasjon til pårørande

Pårørande må informerast om at hos nokre pasientar er dødsleiet kortvarig, mens det hos andre kan strekkje seg over dagar og veker. Dei fleste dødsfall er forventa. Likevel viser undersøkingar at mange pårørande opplevde at helsepersonellet ikkje var flinke nok til å føresjå når døden var nær ved å kome slik at dei pårørande kunne få høve til å vere til stades då døden kom.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du sikre at observasjonane dine blir rapporterte vidare slik at pårørande får beskjed om endringar i tilstanden til pasienten?

  2. På kva måte kan dokumentasjon synleggjere forverring i tilstanden til pasienten?

  3. Korleis kan du leggje til rette for pårørande som ønskjer å vere til stades i denne fasen?

Relatert innhald

Fagstoff
Observasjonar i arbeidet

Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

Fagstoff
Dokumentasjonsplikt

Ifølgje lovverket har helsepersonell dokumentasjonsplikt – plikt til å gjere synleg det dei observerer og utfører knytt til ein pasient eller brukar.

Skrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021