Legemiddelformer og administrasjonsmåtar

Legemiddelformer
Legemiddelform er den forma eit legemiddel har. Nedanfor blir du kjend med dei vanlegaste legemiddelformene.
Tablettar
Tablettar er faste legemiddelformer som inneheld eitt eller fleire verkestoff saman med hjelpestoff. Dei blir tekne gjennom munnen (peroralt). Tablettar kan ha rund eller avlang form.
Nokre tablettar har eit overtrekk (ei drasjering), til dømes av sukker eller cellulose, som gjer at dei blir enklare å svelge og ikkje smaker vondt. Drasjeringa kan også brukast til å kontrollere eller forseinke frisetjinga av verkestoffet.
Nokre tablettar har delestrek slik at dei er enkle å dele og dosere. Andre tablettar har ikkje delestrek, og dei skal som hovudregel ikkje delast.

Det finst ulike typar tablettar:
Enterotablettar
Enterotablettar løyser seg opp i tarmen. Fordelen med det er at verkestoffet ikkje irriterer magesekken, og at det blir verna mot magesyre.
Brusetablettar
Brusetablettar skal løysast opp i vatn eller væske før inntak. Dette er eit godt alternativ for personar som har vanskar med å svelge tablettar. Sidan verkestoffet allereie er løyst opp, blir det teke lettare opp i kroppen og gir raskare verknad.
Smeltetablettar
Smeltetablettar blir plasserte på tunga og løyser seg raskt opp i munnen. Det er praktisk dersom vatn ikkje er tilgjengeleg og eit godt alternativ for personar som har vanskar med å svelge tablettar. Dei kan også løysast opp i vatn før inntak.
Tyggetablettar
Tyggetablettar blir togne før dei blir svelgde slik at verkestoffet blir frigjort raskare enn ved vanlege tablettar.
Sugetablettar
Sugetablettar blir løyste opp sakte i munnen og verkar lokalt i munnen og svelget.
Depottablettar
Depottablettar frigjer verkestoffet sakte over tid. Det betyr at medisinen verkar jamt og held eit stabilt nivå i blodet. På denne måten slepp ein å ta legemiddelet så ofte, og effekten varer lenger.
Resoribletter
Resoribletter blir brukt sublingvalt. Det betyr at dei blir lagde under tunga og løyser seg opp der. Dei verkar raskt fordi verkestoffet blir teke opp direkte gjennom slimhinnene og går rett ut i blodet.
Kapslar
Ein kapsel er ei legemiddelform der verkestoff og hjelpestoff i ein bestemd dose er innkapsla i eit skal som vanlegvis er laga av gelatin. Inni kapselen kan innhaldet vere i form av pulver og granulat, eller det kan vere flytande. Legemiddel i kapselsform verkar ofte raskare enn tablettar.

Dropar
Dropar er ei flytande legemiddelform som blir dosert i små mengder, ofte med pipette eller dropeteljar. Dei blir ofte brukte lokalt, til dømes som augedropar, øyredropar eller nasedropar. Dei kan også takast via munnen, der verkestoffet blir teke opp i blodet og gir systemisk effekt. Dropar verkar ofte raskt, og doseringa kan justerast nøyaktig ved at ein varierer talet på dropar.
Miksturar
Miksturar er flytande legemiddel som blir tekne gjennom munnen. Dei blir ofte brukte til barn og andre som har problem med å svelge tablettar fordi miksturar er lettare å få i seg. Dei gir gir ein større fleksibilitet i doseringa fordi ein kan måle opp ønskt dose. Ulemper med miksturar er at dei har kortare haldbarheit enn tablettar, og nokre miksturar må oppbevarast i kjøleskap.

Legemiddel i partikkelform
Pulver
Pulver er ei fast legemiddelform som består av finfordelte partiklar. Pulver gir fleksibel dosering og kan vere eit alternativ for pasientar som har vanskar med å svelge tablettar. Pulveret kan løysast opp i vatn før inntak, det kan inhalerast eller bli gitt som injeksjon etter at det er løyst opp i saltvatn. I nokre tilfelle kan ein også strø pulver og granulat på mat før inntak.
Granulat
Granulat består av grovare korn laga av samanpressa pulver. Det gjer at det er lettare å handtere og dosere enn pulver.
Rektale og vaginale legemiddelformer
Klyster
Klyster er ei flytande legemiddelform som blir gitt i endetarmen for å reinse tjukktarmen for avføring, til dømes ved forstopping eller i samband med diagnostiske undersøkingar.
Stikkpiller
Stikkpiller har ei avlang, avrunda form og finst som suppositorium (til endetarmen) og vagitorium (til skjeden). Dei er eit godt alternativ når pasienten ikkje kan svelge tablettar eller ved kvalme og oppkast. Stikkpiller gir dessutan raskt opptak av legemiddel gjennom slimhinna i endetarmen eller skjeden og vidare over i blodbanen.

Legemiddelformer som blir påførte huda
Medisinsk plaster, salver, kremar, liniment og gel er legemiddel som blir påførte huda eller slimhinnene, og dei varierer i konsistens.
Medisinsk plaster
Medisinsk plaster inneheld verkestoff som blir tekne opp gjennom huda. Dei fleste blir kalla depotplaster fordi verkestoffet blir frigjort langsamt og verkar over tid. Eit vanleg døme er nikotinplaster til hjelp ved røykeslutt.
Salver
Salver har høgt feittinnhald og er spesielt gunstige ved sår, tørr hud eller ved behov for langvarig vern av hud eller slimhinner.
Kremar
Kremar har tynnare konsistens enn salver fordi dei inneheld meir vatn, og dei passar godt til fuktgivande behandling av huda.
Liniment
Liniment har tynnare konsistens enn salver og kremar. Dei blir smurde eller gnidde inn i huda. Dei blir ofte brukte ved eksem. Dei blir også brukte ved infeksjonar i huda, til dømes ved akne, vorter og soppinfeksjonar.
Gel
Gel er eit tjukt, klart og halvgjennomsiktig legemiddel som tørkar raskt og blir brukt for å få lokal effekt, til dømes ved betennelse eller kløe i hud og slimhinner.

Spray
Spray er ei legemiddelform der verkestoffet blir fordelt som ei fin tåke av små dropar (aerosol). Spray blir brukt på slimhinner i nasen og munnen. Denne forma gjer det enkelt å dosere og gir ofte rask effekt fordi verkestoffet blir teke opp direkte gjennom slimhinnene til blodet.
Legemiddel i sprayform kan til dømes vere nasespray ved allergi eller nasetettleik. Munnspray blir brukt mot smerter i halsen eller som lokalbedøving, til dømes før undersøkingar i nasen og svelget. Inhalator er ein type spray som blir inhalert gjennom munnen og blir brukt til å føre legemiddelet ned i luftvegane og lungene, til dømes ved astma.

Parenterale legemiddelformer
Omgrepet parenteralt stammar frå dei greske orda par, som betyr forbi, og enteron, som betyr tarm. Dette betyr bokstavleg talt "forbi tarmen", altså at legemiddelet blir gitt utanom den vanlege mage-tarm-vegen. Legemidla blir administrerte direkte i blodet, i musklar eller under huda som infusjon eller injeksjon. Legemidla blir gitt som infusjon i blodet, eller som injeksjon i ein muskel eller under huda.
Parenterale legemiddelformer eignar seg når ein ønsker rask effekt av legemiddelet. Ved alvorlege bakterielle infeksjonar blir antibiotika gitt som infusjonar i staden for tablettar, og ved sterke smerter blir injeksjonar gitt med smertestillande legemiddel.

Val av legemiddelform
Kva legemiddelform som blir vald, avgjer korleis medisinen blir teken opp i kroppen og kor raskt han verkar. Det avgjer også om legemiddelet har lokal verknad på ein bestemd stad, eller systemisk verknad i heile kroppen. Døme på lokal verknad er dropar, kremar, salvar og vagitorium, mens legemiddel med systemisk verknad ofte blir gitt som tablettar, injeksjonar eller infusjonar.
Val av legemiddelform må tilpassast mellom anna alderen, sjukdommen og behovet til pasienten. Døme på tilpassingar:
Barn og eldre kan ha vanskar med å svelge tablettar. Miksturar eller stikkpiller kan då vere betre alternativ.
Pasientar med mage-tarm-problem som kvalme eller oppkast kan ha behov for stikkpiller framfor tablettar.
Pasientar med luftvegssjukdommar får ofte legemiddel til inhalasjon, mens personar med hudsjukdommar treng salver eller kremar.
Ved akutte tilstandar, til dømes ved sterke smerter, blir legemiddelformer med rask effekt valde, slik som injeksjonar eller infusjonar.
Eigenskapane til verkestoffet påverkar også legemiddelforma. Til dømes kan du ikkje ta insulin i tablettform fordi magesyra øydelegg insulinet.
Administrasjonsmåtar
Administrasjonsmåte beskriv korleis eit legemiddel blir administrert, altså kva veg det blir teke eller gitt for å få ønskt effekt. Det finst ulike administrasjonsmåtar:
Peroralt
Legemiddelet blir teke gjennom munnen og svelgt, til dømes i form av tablettar, kapslar og miksturar.
Rektalt
At legemiddelet blir teke rektalt, betyr at det blir gitt i endetarmen, til dømes som stikkpille eller klyster.
Vaginalt
At legemiddelet blir teke vaginalt, betyr at det blir sett inn i eller påført skjeden. Døme på det er vagitorium og vaginalkrem.
Parenteralt
Parenteralt betyr at legemiddelet blir gitt utanom mage- og tarmkanalen, vanlegvis som injeksjon eller infusjon.
Injeksjon
Injeksjon blir administrert direkte inn i kroppen ved hjelp av sprøyte og kanyle. Dette kan vere intravenøst (i ei blodåre), intramuskulært (i ein muskel) eller subkutant (under huda).
Infusjon
Infusjon betyr at legemiddelet blir tilført kroppen gradvis over tid gjennom ein vene (intravenøst).
Transdermalt
Transdermalt betyr at legemiddelet blir teke opp gjennom huda, til dømes ved bruk av smerteplaster og salver.
Sublingvalt
Sublingvalt betyr at legemiddelet blir lagt under tunga. Der blir det løyst opp og teke opp direkte i blodbanen gjennom slimhinna.
Inhalasjon
Inhalasjon betyr at legemiddelet blir pusta inn gjennom munnen. Ved hjelp av ulike typar inhalatorar sprer det seg ned i luftvegane og lungene.
Utfordringar til deg
Diskuter i par:
Gå gjennom alle legemiddelformene og administrasjonsmåtane. Kva trur de kan skje dersom legemiddel blir gitt på feil måte? Kom med fleire døme.
Kva fordelar er det med tablettar med delestrek?
I artikkelen blir det nemnt at legemiddelforma må tilpassast mellom anna alderen, sjukdommen og behovet til pasienten. Kva betyr dette?