Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis rettleie om legemiddelbruk

I desse oppgåvene blir du kjend med bruksområde, dosering, biverknader og forgiftingar ved bruk av reseptfrie legemiddel. Du lærer å bruke Felleskatalogen som eit digitalt verktøy, og du får øve på korleis du rettleier om trygg og rett legemiddelbruk.

Del 1: Jobb med case

De skal jobbe saman tre og tre. Vel éin av casane under og svar på oppgåvene. Når de er ferdige, kan de presentere svara for dei andre i klassen.

Case 1: Hovudverk og feber

Kari er 23 år og student. Ho har hatt ein travel periode med studiar, og no kjenner ho seg sliten. Ho har fått hovudverk, feber på 38 grader, litt sår hals, tett nase og kjenner seg slapp. Kari går inn på apoteket for å spørje om råd. Ho fortel at ho elles er frisk og at ho ikkje bruker faste medisinar. Ho ønsker noko som kan hjelpe mot plagene.

Case 2: Forkjøling

Ole er 35 år og jobbar i butikk. Han møter mange kundar i løpet av ein dag. Dei siste dagane har han vore forkjølt med tett og rennande nase, sår hals og litt hoste. Ole kjem til deg og spør kva han kan bruke for å lindre symptoma.

Case 3: Muskel- og leddsmerter

Naomi er 67 år og pensjonist. Ho liker å halde seg aktiv ved å gå turar, og ho trenar litt styrke på eit treningssenter for eldre. Etter ein lengre tur i helga har ho fått plagsame smerter i leggene og knea. Musklane er ømme, og beina er litt stive om morgonen. Ho fortel at ho bruker blodfortynnande medisinar. Ho ønsker hjelp med å finne reseptfrie legemiddel som kan lindre smertene.

Case 4: Allergiske plager

Sara er 19 år og lærling i ein barnehage. Dei siste vekene har ho fått rennande nase og kløande auge, og ho nys mykje. Auga er ofte raude og irriterte, og ho søv dårleg på grunn av tett nase. Symptoma kjem særleg når ho er ute, og ho trur derfor at ho kan ha pollenallergi. Ho kjem til deg for å få råd og rettleiing om kva medisinar ho kan ta for å bli kvitt plagene. Sidan ho har ein aktiv jobb i barnehagen, er ho skeptisk til medisinar som kan gjere henne trøytt.

Case 5: Diaré etter reise

Ahmed er 28 år og har nyleg komme heim frå ferie i utlandet. Han opplever no at han må oftare på toalettet, og at avføringa er lausare enn vanleg. Han har ikkje kasta opp, og han har ikkje feber. Han spør deg kva han kan gjere for å bli betre, og om det finst reseptfrie legemiddel som kan hjelpe mot diarén.

Case 6: Mageplager hos gravid

Mona er 30 år, gravid i veke 24 og ventar sitt første barn. Dei siste vekene har ho hatt mykje halsbrann og sure oppstøytar, spesielt om kvelden og etter måltid. Ho beskriv plagene som ei brennande kjensle i brystet og opp mot halsen. Plagene blir verre når ho legg seg ned og etter store måltid. Ho er elles frisk, og ho tek jern- og vitamintilskot for gravide. Ho ønsker råd om kva for nokre reseptfrie legemiddel som er trygge å bruke under graviditeten.

Oppgåver til casen

  1. Les casen nøye.

  2. Notar kva symptom personen har.

  3. Bruk nettsida til eit apotek og finn minst to reseptfrie legemiddel som kan vere aktuelle for å lindre desse symptoma.

  4. Forklar kort kvifor de meiner at akkurat desse legemidla kan hjelpe.

Del 2: Bruk Felleskatalogen

I Felleskatalogen finn de informasjon om alle legemiddel som blir selde på apotek i Noreg. I denne oppgåva skal de bruke Felleskatalogen for å finne informasjon om legemidla de valde i del 1.

For kvart legemiddel skal de finne informasjon om punkta nedanfor og skrive ned det de finn.

  1. Bruksområde: Kva blir legemiddelet brukt mot?

  2. Dosering: Kva er tilrådd dose for vaksne?

  3. Legemiddelform: Kva form kjem legemiddelet i? Kjem det i fleire ulike former?

  4. Synonympreparat: Kva andre legemiddel har samme verknad og kan brukast i staden?

  5. Adminstrasjonsmåte: Korleis skal pasienten ta legemiddelet?

  6. Biverknader: Kva for nokre vanlege biverknader kan oppstå?

  7. Interaksjonar: Kan legemiddelet påverke eller bli påverka av andre legemiddel?

  8. Overdosering eller forgifting: Kva kan skje om ein tek for mykje av legemiddelet?

  9. Halveringstid: Kor lang tid tek det før mengda av legemiddelet har blitt halvert i kroppen?

  10. Forsiktigheitsreglar: Er det helsetilstandar som gjer at ein pasient ikkje bør bruke dette legemiddelet, eller som påverkar doseringa?

Del 3: Lag film om legemiddelbruk

I denne oppgåva skal de lage ein film som viser korleis de vil rettleie ein pasient eller kunde om rett bruk av legemiddel.

Rammer for filmen

  • De skal lage ein film som viser ein samtale mellom pasienten eller kunden i casen de har valt, og ein helseservicearbeidar.

  • De må fordele desse rollene:

    • Éin i gruppa er pasienten eller kunden.

    • Éin i gruppa er anten helsesekretær, tannhelsesekretær eller apotekteknikar.

    • Éin i gruppa har ansvaret for filmopptaket.

  • Lengde på filmen: 57 minutt.

Skriv filmmanuset

No skal de skrive manuset for filmen. Ta utgangspunkt i situasjonen til pasienten eller kunden og bruk informasjonen om legemiddelet som de fann i Felleskatalogen til å skrive replikkane.

I samtalen skal helseservicearbeidaren informere og rettleie om

  • kva legemiddelet blir brukt mot

  • korleis pasienten skal bruke legemiddelet (rett dose og kor ofte)

  • legemiddelform og administrasjonsmåte

  • vanlege biverknader

  • interaksjonar og forsiktigheitsreglar

  • kvifor det er så viktig å bruke legemiddelet rett

  • når pasienten eller kunden bør kontakte lege eller anna helsepersonell

Tips når de lagar filmen

  • Bruk eit enkelt og forståeleg språk når de skriv replikkane.

  • Tilpass informasjonen og rettleiinga til situasjonen til pasienten.

  • Samtalen bør vere like naturleg og realistisk som han ville vore på eit apotek, legekontor eller tannlegekontor.

  • Bruk rekvisitt (kostyme, parykkar, uniformer, hjelpemiddel) og ver kreative.

Presentasjon og tilbakemelding

Vis filmane i klassen, og gi kvarandre tilbakemeldingar.

  1. Korleis gav helseservicearbeidaren tydeleg informasjon om kva legemiddelet skal brukast mot, og korleis det skal brukast?

  2. Korleis blei det forklart kva biverknader, forholdsreglar eller interaksjonar pasienten bør vere merksam på?

  3. Kva gjorde helseservicearbeidaren for å sikre at pasienten forstod rettleiinga og kor viktig det er å bruke legemiddelet rett?

Relatert innhald

Eldre og legemiddel

Eldre over 65 år utgjer under 20 prosent av befolkninga, men står for nesten halvparten av all legemiddelbruk i Noreg.

Skrive av Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 02.06.2026