Høg eller låg compliance?
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Del 1: Case-oppgåve
I denne oppgåva skal du jobbe med ein case som handlar om kvifor det er viktig med høg compliance. Før du startar på oppgåva, bør du lese fagartikkelen om å følge føreskriven behandling.
Vel anten case 1, 2 eller 3 nedanfor. Les casen og svar på spørsmåla knytte til den casen du har valt.
Case 1: Hemo-Fec-test
Melissa på 68 år kjem til legekontoret for å hente utstyr til ein Hemo-Fec-test. Testen blir brukt for å påvise usynleg blod i avføringa og kan vere eit viktig hjelpemiddel for å oppdage sjukdom i mage- og tarmkanalen.
For at testen skal gi eit korrekt resultat, må Melissa følge spesielle instruksar for kosthaldet i fire dagar før prøvene skal takast og under prøvetakingsperioden.
Ho må
unngå visse matvarer, som raudt kjøtt, blod og innmat og fisk med mørkt kjøtt, og ho kan heller ikkje ete reddik, blomkål, soyabønner, peparrot, melon, banan eller rå tomat
avgrense inntaket av kokt kjøttpålegg, mjølkeprodukt, rå frukt og grønsaker
unngå alkohol i prøvetakingstida
ikkje ta kosttilskot og legemiddel som C-vitamin, jernpreparat eller legemiddel som inneheld acetylsalisylsyre
Dersom Melissa ikkje følger desse instruksane, kan prøveresultatet bli falskt positivt. Det betyr at testen kan vise teikn til blod i avføringa sjølv om det ikkje er til stades. Det kan føre til at Melissa får grunnlause bekymringar for helsa si, og det kan føre til vidare undersøkingar som er kostbare, og som belastar helsevesenet unødvendig.
Case 2: Tannpuss
Sofie på 12 år har vore på kontroll hos tannlegen. Ho har begynnande karies (hol) i fleire tenner. Ho pleier ofte å pusse tennene berre om morgonen, og nokre dagar hoppar ho over tannpussen heilt. Det er fordi ho gløymer det på kvelden og ofte har veldig dårleg tid om morgonen.
Tannlegen har gitt råd om å pusse tennene to gonger om dagen med fluortannkrem, spesielt før leggetid. Tannlegen har også snakka med Sofie og foreldra om kosthald og forklart at inntak av sukkerhaldig drikke og mat aukar risikoen for karies. Derfor er både tannpuss og gode kosthaldsvanar viktig for å førebygge tannproblem.
Foreldra prøver å minne henne på det, men det hjelper ikkje alltid.
Case 3: Astmamedisin
Ole på 15 år har hatt astma sidan barndommen. Han har fått resept på ein inhalator med førebyggande medisin som skal takast kvar dag, uavhengig om han har symptom. I tillegg bruker han ein annan inhalator når han får tung pust eller hosteanfall. Ole kjenner seg for det meste frisk og synest det er slitsamt å hugse å ta den førebyggande medisinen. Foreldra prøver å minne han på det iblant, men han følger ikkje alltid råda. Lærarane på skulen har merka at han ikkje deltek i kroppsøvingstimane enkelte dagar fordi han kjenner seg tungpusta.

Del 2: Samanlikn grader av compliance
Ta utgangspunkt i casen du jobba med i del 1. Du skal samanlikne kva høg og låg compliance inneber i denne situasjonen og vise kvifor det er viktig å følge behandlinga som er føreskriven. Du kan lage din eigen tabell eller bruke tabellen under for å få oversikt.
Del 3: Refleksjon i grupper
Fordel dykk i grupper på maks tre elevar i kvar gruppe, uavhengig av kva case de har valt. Dersom medlemmene i gruppa har valt ulike casar, kan kvar enkelt fortelje om casen sin til dei andre.
Diskuter og reflekter saman:
Kvifor er compliance viktig i desse tilfella?
Kva kan gjere det vanskeleg for pasienten eller kunden å følge behandlingsopplegget?
Korleis kan du som helsepersonell bidra til pasienten eller kunden får høgare compliance?
Relatert innhald
Helseservicearbeidarar har plikt til å gi pasientar nødvendig og forståeleg informasjon om helse, førebygging og eigenomsorg.
I helseservicearbeid skal du gi informasjon og rettleie pasientar og pårørande slik at dei opplever støtte og hjelp til å finne eigne løysingar.