Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Korleis hjelper du ein pasient med å følge føreskriven behandling?

Kvifor er det vanskeleg for pasientar å følge behandlinga som er føreskriven, særleg om ho går over lengre tid? I denne filmen (lengde: 11:05) kan du lære om compliance og korleis du som helsepersonell kan hjelpe ein pasient med å følge føreskriven behandling. Sjå filmen før du gjer oppgåvene.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva behandling har fastlegen til Silje føreskrive for å redusere blodtrykket hennar?

  2. Kva kan vere årsakene til at det er vanskeleg for Silje å følge føreskriven behandling?

  3. Kva gjer apotekteknikaren og helsesekretæren for å hjelpe Silje til å etterleve behandlingsopplegget?

  4. I filmen blir omgrepa compliance og adherence brukte. Kvifor er det viktig med adherence, altså at pasientar blir involverte i avgjerder og deltek aktivt i eiga behandling? Diskuter med ein medelev.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 17.08.2026