Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Å følge føreskriven behandling

For at ei behandling skal ha ønskt effekt, er det viktig at pasienten eller kunden følger den behandlinga som er føreskriven. Dette heng saman med helsekompetansen til personen og evna og viljen til etterleving. På fagspråk heiter det compliance.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein kommande læreplan. Innhaldet er under utvikling og kan vere ufullstendig.

Kva betyr compliance?

Omgrepet compliance kan omsetjast til etterleving. Vi bruker omgrepet for å beskrive i kva grad ein pasient eller kunde har evne og vilje til å følge medisinske råd og følge eit behandlingsopplegg gitt av helsepersonell. Det kan handle om å ta medisinar til rett tid, å gjennomføre livsstilsendringar, til dømes røykeslutt, eller å følge ein bestemd diett.

Etterleving er nært knytt til helsekompetanse. Helse- og omsorgsdepartementet definerer helsekompetanse som evna til å forstå, vurdere og bruke helseinformasjon for å ta kunnskapsbaserte avgjerder som omfattar eiga helse.

For pasientar og kundar er det å ha høg evne til etterleving avgjerande for å førebygge sjukdom og bremse sjukdomsutvikling. For samfunnet er det viktig for å sikre effektiv og økonomisk behandling for pasientar. Det er fleire faktorar som speler inn for at ein pasient eller kunde har høg eller låg evne til etterleving.

Høg compliance

Høg compliance betyr at pasienten forstår helse- og behandlingsråda som blir gitt, og at hen har evner til å følge dei.

Adherence

For at ein pasient eller kunde skal ha høg compliance, må vedkommande bli involvert i avgjerder som gjeld eiga behandling. Omgrepet adherence kan omsetjast til "truskap". Det inneber at pasienten sluttar seg til eit behandlingsopplegg.

Adherence er nært knytt til brukarmedverknad. Det handlar om at pasienten deltek aktivt i eiga behandling. Det krev god kommunikasjon mellom helsepersonell og pasient. For å ha høg compliance må pasienten

  • ha god forståing av eigen sjukdom og forstå formålet med behandlinga

  • møte til kontrollar og få oppfølging av sjukdom og behandling

  • ta medisinar slik dei er føreskrivne og kunne følge tilrådde livsstilsendringar, som til dømes røykeslutt og kosthaldsendringar

  • bruke helseinformasjon aktivt i avgjerder og vere delaktig i eiga behandling

Låg compliance

Låg compliance betyr at pasienten har låg evne eller vilje til etterleving av ei behandling. Det finst fleire årsaker til låg compliance. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har delt årsakene i fem hovudkategoriar.

Pasientspesifikke faktorar

  • Pasienten har manglande kunnskap om eller forståing av eigen sjukdom, og trur ikkje på at eit legemiddel verkar.

  • Pasienten kan gløyme å ta medisinane sine eller forstår ikkje konsekvensane av å la vere. Dette gjeld særleg for eldre som har nedsett kognitiv funksjon og som må forhalde seg til mange ulike medisinar.

  • Pasienten bekymrar seg for biverknader av legemiddel.

Behandlingsrelaterte faktorar

  • Pasienten sluttar å ta medisinen fordi hen opplever biverknader.

  • Pasienten har vanskar med å følge opp eit komplisert behandlingsforløp på grunn av samansette behov, eller fordi hen opplever at behandlinga ikkje har effekt.

Sjukdomsrelaterte faktorar

  • Pasienten sjølv stoppar behandlinga for å sjå kva som skjer. Det kan vere fordi hen ikkje har plager eller symptom.

  • Pasienten sjølv stoppar behandlinga fordi hen har blitt klinisk betre.

  • Studiar viser at pasientar med depresjon ofte har låg etterleving.

  • Pasientar med kronisk sjukdom må ofte bruke medisinar kvar dag og over lang tid. Det kan føre til at dei blir leie av rutinen, eller at dei opplever å kjenne seg dårlegare av medisinen, og ikkje av sjølve sjukdommen.

Helsesystemrelaterte faktorar

  • Låg tilgjengelegheit til helsetenester, til dømes dersom det er vanskeleg for pasienten å komme gjennom på telefon, eller det er lange ventetider for å få time, kan føre til lågare etterleving.

  • Dårleg kommunikasjon mellom pasient og helsepersonell kan føre til misforståingar og dermed låg compliance. Det skjer til dømes når pasienten får mangelfull informasjon om formålet med behandlinga eller får dårleg oppfølging undervegs.

Sosiale og økonomiske faktorar

  • Sosiale og økonomiske faktorar kan ha noko å seie for korleis ein pasient følger behandlinga si. Dersom pasienten har fått føreskrive legemiddel som er dyre, kan det vere økonomisk vanskeleg å kjøpe dei regelmessig.

  • Arbeidsløyse og trong økonomi kan føre til at andre nødvendige utgifter blir prioriterte framfor legemiddel.

  • Pasientar som manglar støtte frå familie eller sosiale tenester, kan ha vanskar med å handtere sjukdom.

Økonomiske forhold er truleg mindre aktuelt i Noreg enn i andre land på grunn av dei offentlege støtteordningerne vi har, men i enkelttilfelle kan dette vere ein grunn til låg compliance.

Korleis helsepersonell kan bidra til høg compliance

Det er fleire ulike årsaker til at pasientar og kundar har låge compliance. Som helsepersonell har du ansvar for å informere og rettleie dei slik at dei får best moglege føresetnader for å oppnå høg compliance.

Kommunikasjon

Som helsepersonell kan du legge til rette for høg compliance ved å bruke kommunikasjonsferdigheitene dine.

God kommunikasjon handlar om å

  • gi forståeleg informasjon om kva behandlinga går ut på

  • informere om kvifor det er viktig å følge behandlinga

  • informere om vanlege biverknader og kva pasienten kan gjere om dei opplever biverknader

  • informere om refusjons- og støtteordningar

Rettleiing

Pasientar kan trenge rettleiing når det gjeld eigen sjukdom og behandling. Rettleiing kan gjere at pasienten opplever meir meistring, noko som aukar sjansen for at dei følger behandlingsopplegget.

Gjennom rettleiing kan du

  • hjelpe pasienten med å lage rutinar

  • hjelpe pasienten med å vurdere behov for hjelpemiddel som dosett og påminningar på telefon

  • hjelpe pasienten til å sjølv finne informasjon hos pasientforbund eller offentlege nettsider

  • rettleie i livsstilsendringar, som å følge dei nasjonale oppfordringane for kosthald og aktivitet

  • motivere pasienten slik at hen ser løysingar sjølv

Tilgjengelegheit

For at oppfølginga av ein pasient skal vere god, må pasienten oppleve at helsehjelpa er tilgjengeleg. Viss pasienten ikkje veit kven dei skal kontakte eller opplever at det er vanskeleg å få hjelp, kan det føre til at dei sjølv avsluttar behandlinga eller gjer feil.

Som helsepersonell kan du bidra ved å

  • sende ut påminningar om timeavtalar

  • svare raskt på førespurnader på telefon og Helsenorge

  • informere pasientane om kvar dei kan gå for å få helsehjelp

Sjølvråderett

Pasienten må vere ein aktiv part i eiga behandling.

Som helsepersonell kan du bidra til sjølvråderett gjennom å

  • vise respekt for valet til pasienten

  • involvere pasienten i eiga behandling

Pasientar som forstår og er einige i behandlinga, og ikkje berre blir fortalde kva dei skal gjere, har større sjanse for høg compliance.

Samhandling

Behandlinga blir betre når helsepersonell samarbeider godt.

Som helsepersonell kan du bidra til samhandling ved å

  • vidareformidle viktig informasjon om pasienten til behandlaren

  • dokumentere rett og tydeleg i pasientjournalen

  • sørge for at pasienten får same informasjon og ikkje motstridande beskjedar

Når vi som jobbar i helsetenesta samarbeider godt, blir behandlinga oversiktleg og lettare å følge.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig for pasientar og kundar å følge føreskriven behandling?

  2. Kvifor trur du det viktig for samfunnet at pasientar og kundar har høg compliance?

  3. Korleis kan du som helsepersonell hjelpe pasientar og kundar til å følge behandlingsopplegget som er føreskrive?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2021, 16. februar). Helsekompetanse, kunnskap og tiltak. https://www.helsedirektoratet.no/forebygging-diagnose-og-behandling/forebygging-og-levevaner/helsekompetanse/helsekompetanse

Legemiddelhåndboka. (2021, 13. oktober). Etterlevelse av legemiddelbruk.
https://www.legemiddelhandboka.no/G25/Etterlevelse_av_legemiddelbruk

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 09.06.2026