Kan du forskjellen mellom vêr og klima, eller forskjellen mellom klimatiltak og klimatilpassing? Lær og forstå omgrep om klima og klimaendringar gjennom ulike metodar.
I desse oppgåvene kan du øve på viktige omgrep om vêr, klima og klimaendringar. Alle oppgåvene tek utgangspunkt i dei same omgrepa. Vel ei eller fleire av oppgåvene for å øve på omgrep.
Liste med omgrep
vêr
det vi opplever av temperatur, skydekke, nedbør og vind frå dag til dag
klima
beskriving av korleis vêret vanlegvis er i eit område over lengre tid (ofte målt over minst 30 år)
lågtrykk
blir danna når varm luft stig og det blir mindre luft ved bakken, noko som gir underskot av luft i eit område
høgtrykk
blir danna når kald luft søkk ned mot bakken og gir overskot av luft i eit område
klimasystemet
består av ulike delar som påverkar klimaet på jorda; luft, hav, landoverflate, is og snø, og organisk liv
atmosfære
luftlaget som er rundt jordkloden
drivhuseffekt
naturleg prosess som gjer at temperaturen på jorda er høg nok til at menneske, dyr og plantar kan leve her
drivhusgassar/klimagassar
gassar i atmosfæren som bidreg til å halde på varme, som vassdamp, karbondioksid og metan
global oppvarming
auke i gjennomsnittstemperaturen på jorda
klimasoner
inndeling av jordkloden etter område med ulike klimaforhold
Golfstraumen
havstraum som fraktar varmt havvatn nordover i Atlanterhavet
klimamodellar
matematiske modellar som blir brukte til å berekne utvikling i klimaet
klimagassutslepp
utslepp av klimagassar/drivhusgassar til luft, ofte kopla til menneskeleg aktivitet
klimaavtrykk
viser kor mykje klimagassar som totalt blir sleppte ut i samband med eit produkt eller av ei bedrift, ein person eller eit land
klimaendringar
endring i dei normale vêrforholda som følge av global oppvarming
vippepunkt
den kritiske grensa der ei lita endring får eit system til å bikke over i ein ny og ofte uoppretteleg tilstand
klimatiltak
tiltak som bidreg til å redusere mengda klimagassar i atmosfæren for å bremse klimaendringane
Parisavtalen
internasjonal klimaavtale, vedteken på klimatoppmøtet i Paris i 2015; går ut på at medlemslanda skal setje seg nye mål om reduksjon av eigne klimagassutslepp kvart femte år og jobbe for å nå måla
klimatilpassing
planlegge og gjennomføre tilpassingar i samfunn og natur for å hindre eller redusere skadar som følge av klimaendringar
klimakvotar
løyve som gir land eller bedrifter rett til å sleppe ut ei bestemd mengde klimagassar, og som kan kjøpast og seljast for å regulere totale utslepp
utsleppsscenario
beskriving av mogleg framtidig samfunnsutvikling og klimautslepp
ekstremvêr
hyppigare og kraftigare vêrhendingar som kan føre til fare for liv og verdiar
sosial sårbarheit
kor utsette menneske og samfunn er for kriser og endringar, og kor godt dei klarer å handtere dei
Oppgåva kan gjennomførast i grupper eller individuelt. De får delt ut kort som inneheld fagomgrep og forklaringar. På kvart kort er det eit omgrep og ei omgrepsforklaring, men dei høyrer ikkje saman. Oppgåva går ut på å setje korta saman til ei lang rekke slik at rett omgrep passar med rett forklaring.
Framgangsmåte
Legg korta utover bordet og få ei viss oversikt.
Finn eit omgrep som du kjenner igjen, og leit etter forklaringa som passar til det.
Legg korta etter kvarandre slik at omgrep og forklaring blir kopla saman.
Hald fram til alle korta dannar ei lang rekke.
Få faglærar til å sjå over om korta er plasserte korrekt.
Til læraren
Her finn du eit dokument som inneheld kort med fagomgrep og forklaringar til dette emnet. Skriv ut og klipp opp til kort som kan delast ut. Ta gjerne vare på korta slik at dei kan gjenbrukast i fleire klassar eller over fleire år.
I denne oppgåva skal de kople fagomgrep med dei rette forklaringane ved å bygge ei stjerne.
Framgangsmåte
De får delt ut brikker med omgrep og forklaringar.
Finn omgrep og forklaringar som høyrer saman.
Set brikkene saman slik at alle koplingane blir rette og dannar ein stjernefigur.
Kontroller til slutt at alle omgrepa passar med forklaringane rundt heile figuren.
Få faglærar til å sjå over om brikkene er plasserte korrekt.
Til læraren
Her finn du eit dokument som inneheld ei stjerne med fagomgrep og forenkla forklaringar til dette emnet. Skriv ut og klipp opp til brikker som kan delast ut. Ta gjerne vare på brikkene slik at dei kan gjenbrukast i fleire klassar eller over fleire år.
Denne oppgåva kan gjerast som ei gruppeoppgåve eller individuelt. I biletframvisninga nedanfor finn de fleire sett med aktuelle fagomgrep. Diskuter eitt lysbilete om gongen. Finn omgrepet som skil seg ut frå dei andre. Ver obs på at det kan vere fleire moglege løysingar.
Framgangsmåte
Studer omgrepa eller bileta nøye, og diskuter med gruppa kva omgrep eller bilete som ikkje passar inn.
Vel alternativet de meiner skal ut, med ei kort grunngiving.
Ta ein runde der de samanliknar og diskuterer dei ulike svara med resten av klassen.