Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Filmar og figurar i Forbruk

Her har vi samla filmar og figurar i emnet Forbruk. Vi har òg lenka til relevante fagartiklar og oppgåver.

Film: Introduksjon til Forbruk

Filmen (lengde 1:46) introduserer emnet gjennom klipp som viser samanhengen mellom forbruket vårt og ressursbruken. Filmen blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Forbruk".

Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0

Film: Livsløpsvurderinger

Filmen (lengde 2:59) forklarer kva livsløpsvurderingar er, og blir brukt i artikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft".

Video: NORSUS/Smart Innovation Norway / Avgrensa gjenbruk

Film: Fra bruk og kast til sirkulærøkonomi

Filmen (lengde 6:44) er laga av Loop miljøskule og forklarer kva sirkulær økonomi er, og kvifor vi treng det. Filmen blir brukt i artikkelen "Kva er sirkulær økonomi?".

Film: Pitch

Filmen (lengde 1:19) forklarer kva ein pitch er, og blir brukt i oppgåva "Berekraftsagenten".

Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-SA 4.0

Figur: Energibruk per person, 2024

Dette er ein interaktiv figur som viser energibruk per person i ulike land på eit kart. Du kan òg velje å få tala presentert i tabell, linjediagram eller stolpediagram. Figuren blir brukt i artikkelen "Forbruket vårt er ikkje berekraftig".

Figur: Tolegrensene til planeten

Figuren er laga av Stockholm Resilience Centre og viser at vi i 2023 hadde passert tolegrensa til planeten for seks av dei ni kategoriane. Figuren blir brukt i artikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft".

Figur: Økologisk fotavtrykk

Kartet viser økologisk fotavtrykk per person inndelt etter land og blir brukt i artikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft".

Figur: Verdas overforbruksdag

Figuren viser utviklinga av verdas overforbruksdag, som er dagen året vi har brukt opp jordas økologiske kapasitet for det aktuelle året. Figuren blir brukt i artikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft".

Figur: Norske klimagassutslepp

Figuren viser utviklinga av norske klimagassutslepp fordelt på ulike sektorar. Dermed ser vi både utviklinga av dei totale utsleppa, og utviklinga i kvar sektor. Figuren blir brukt i artikkelen "Ulike mål på forbruk og berekraft".

Figur: Vekst og nedvekst

Figuren viser samanhengen mellom økonomisk vekst og økologisk fotavtrykk for ulike økonomiske system. Figuren blir brukt i artikkelen "Korleis skape eit grønt skifte?".

Figur: Sirkulær økonomi

Figuren får fram dei ulike ledda som vi må jobbe med for å gjere økonomien sirkulær, og blir brukt i artikkelen "Kva er sirkulær økonomi?".

Figur: Lineær økonomi

Figuren viser kva lineær økonomi er, og blir brukt i artikkelen "Kva er sirkulær økonomi?".

Figur: Avfallshierarkiet

Figuren viser avfallshierarkiet, og vi ønsker å halde mest mogleg så høgt som mogleg i hierarkiet. Figuren blir brukt i artikkelen "Kva er sirkulær økonomi?".

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 24.02.2026