Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Vurderingsressurs
Interaktivt innhald

Berekraftig utvikling: Kva kan du no?

Før, undervegs og etter at du har jobba med emnet Berekraftig utvikling, kan du bruke denne sida til å teste deg sjølv. Kan du sentrale fakta? Har du forstått fagstoffet så du kan bruke det til noko? Klarer du å diskutere og drøfte spørsmål om berekraftig utvikling?

Tips til læraren

Lær fagomgrep med praterobot

Viss du vil la elevane lære fagomgrep ved hjelp av praterobot, har vi laga ein eigen artikkel om dette. Der kan elevane finne systeminstruks og fagomgrep frå ulike kapittel som kan leggast inn i prateroboten.

Fagartikkel: Lær geografiomgrep ved hjelp av praterobot

Del oppgåvene med elevane

Ønsker du å dele desse oppgåvene med elevane slik at dei kan notere i eit dokument på datamaskina si eller på læringsplattforma til skulen, kan du bruke denne fila:

Å lære å lære

I læreplanen står det at elevane skal lære å lære. Då må dei bli klar over sin eigen læringsprosess. Denne vurderingsressursen er laga med utgangspunkt i RAV-modellen. Han er knytt til Blooms taksonomi og er ein måte å dele inn læring på i tre nivå. Elevane kan bruke dette som eit verktøy for å bli klar over kva dei meistrar, og kva dei treng å trene på.

RAV (reproduksjon, anvending og vurdering)

I skulefaga skal eleven opparbeide seg kompetanse. For å ha kompetanse i noko må du både ha kunnskapar og ferdigheiter. I geografi skal elevane både lære faktakunnskap og ferdigheiter og tileigne seg evna til å diskutere og drøfte. For å hjelpe elevane å forstå kva dei skal kunne, kan vi dele dette inn i tre nivå: reproduksjon, anvending og vurdering. Denne inndelinga kallar vi RAV.

God kompetanse krev at elevane meistrar alle dei tre nivåa i RAV-modellen, og vurdering er det høgaste og vanskelegaste nivået. Likevel må vi ikkje ha ei for mekanisk tilnærming til dette. I nokre emne i faget kan til dømes god evne til attgiving gi høg måloppnåing, avhengig av kva målet er.

R = reproduksjon: Dette handlar om å kunne gi att og reprodusere fakta.

A = anvending: Dette handlar om å kunne bruke ferdigheiter, til dømes å lese informasjon frå eit kart eller ein graf, forklare korleis noko verkar, eller bruke det du har lært, i nye samanhengar.

V = vurdering: Dette handlar om å kunne analysere og drøfte. Då må du kunne gi att fakta, forklare korleis ting verkar, sjå ting i samanheng og vurdere dei ulike tinga og argumenta opp imot kvarandre.

Alle fagemna i geografifaget på NDLA har ein slik vurderingsressurs med oppgåver delt inn etter RAV-modellen.

Har du kontroll på sentrale fagomgrep og fakta?

Her kan du sjekke om du har fått med deg sentrale omgrep og viktig faktakunnskap om berekraftig utvikling. Du kan bruke lista, den interaktive oppgåva eller praterobot, vel det som passar best for deg.

Liste: Sentrale fagomgrep og fakta

FNs berekraftsmål
17 mål og 169 delmål som skal gjere verda meir berekraftig, vedtekne av medlemslanda i FN
klima- og miljødimensjonen
dimensjonen ved berekraftig utvikling som handlar om at vi må ta vare på naturen fordi vi menneske er avhengig av naturen på mange ulike måtar
den sosiale dimensjonen
dimensjonen ved berekraftig utvikling som handlar om å sikre alle eit godt og rettferdig grunnlag for at dei skal kunne leve gode liv
den økonomiske dimensjonen
dimensjonen ved berekraftig utvikling som handlar om å sikre økonomisk tryggleik for menneske og samfunn
bryllaupskakemodellen
ein måte å rangere berekraftsmåla på etter kva som er viktigast: klima og miljø nedst (viktigast), sosiale forhold i midten og økonomi øvst
antropocen
det vi kallar den perioden vi er inne i no, som har stor menneskeleg påverknad på jordkloden
økosystemtenester
alle goda og tenestene vi får frå naturen og økosystema i dag, som rein luft, insekt som pollinerer, og tømmer frå skogen
livsgrunnlag
det ein art treng for å leve, som at vi menneske er avhengige av mange ulike økosystemtenester frå naturen
naturtap
tap av naturområde og artar på grunn av endra arealbruk, overforbruk, klimaendringar, forureining og framande artar
den store akselerasjonen
eit omgrep som beskriv korleis menneskeleg aktivitet og påverknad på jorda har auka veldig raskt frå rundt 1950; det gjeld befolkning, energibruk, forbruk og utslepp
nedbygging
det at vi menneske bygger vegar, hus, hyttar og andre ting i område som tidlegare var naturområde
økologisk fotavtrykk
eit mål på kor mykje du og eg påverkar naturen; eit høgt økologisk fotavtrykk er ikkje berekraftig
forvalte
å styre bruken av noko; i geografi: å styre korleis vi skal bruke naturen rundt oss
sirkulære produkt
produkt som er laga på ein måte som gjer at vi kan bruke dei ulike delane om igjen, til dømes panteflasker
k-slagsida til media
omgrep som blir brukt om fokuset medie har på akutte hendingar som krig, kaos, katastrofe og konflikt; kan gi eit skeivt inntrykk av korleis det eigentleg går med verda
metastudie
ein stor studie der forskarar tek for seg mange enkeltstudiar og ser på kva dei til saman seier om eit tema

Interaktiv oppgåve

Kan du bruke det du har lært?

Gå gjennom oppgåvene under. Klarer du å bruke kompetansen din til å svare godt og løyse oppgåvene? Eller er det nokon ting du treng å jobbe meir med for å forstå?

Var det noko du ikkje kunne svare på?

Les ein eller fleire av fagartiklane under.

Side 1 og 2: Berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål

Side 3: Bryllaupskakemodellen

Side 47: Antropocen – mennesket sin tidsalder

Side 8: Det går ganske bra med verda

Kan du diskutere, drøfte og vurdere?

Det å kunne diskutere, drøfte og vurdere er komplisert og utfordrande. Du må både forstå ein del fagomgrep, du må kunne forklare korleis ting fungerer, og så må du bruke alt dette til å vurdere ulike svar, argument og løysingar opp mot kvarandre.

Vel eit av punkta under og diskuter i par eller grupper.

  • Kor berekraftig er heimstaden din i dag, og kva kunne ha gjort han meir berekraftig?

  • Er klima og miljø den viktigaste dimensjonen ved berekraftig utvikling?

  • Kva bør Noreg prioritere for at utviklinga i landet skal bli meir berekraftig?

  • Kvifor er ikkje måten vi bruker naturen på i dag, berekraftig?

  • Diskuter denne påstanden: Mennesket er det farlegaste rovdyret på jorda.

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 10.03.2026