Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Norges Bygdeungdomslag

Norges Bygdeungdomslag har røter tilbake til 1920-talet og samlar i dag rundt 8000 unge med interesse for bygda. Gjennom fellesskap, stemne og tevlingar arbeider Bygdeungdomslaget for levande bygder, aktivitet og engasjement blant ungdom.

Historiske fakta

Bondeungdommen hadde allereie frå 1920 eigne ungdomslag som var tilslutta Norges Bondelag. I 1938 blei ungdomsverksemda i Bondelaget formalisert som Norges Bondelags Ungdomsfylking, og talet på lag auka raskt. Ved starten av andre verdskrigen var 140 bondeungdomslag i arbeid.

Under krigen la dei ned arbeidet fordi dei ikkje kunne godta at nazistane blanda seg inn i arbeidet. Ved oppstarten etter krigen blei det bestemt at laget skulle endre namn til Norges Bygdeungdomslag fordi det trongst eit nøytralt namn med tanke på yrka til medlemmene og den sosiale statusen deira. Laget blei då heilt uavhengig av Bondelaget.

Laget har i dag (2025) rundt 8000 medlemmer i elleve fylkeslag og hundre lokallag. Alderen på medlemmene ligg vanlegvis mellom 16 og 30 år.

Formål

Formålet med Norges Bygdeungdomslag (NBU) er å fremme bygdene ved å skape et godt sosialt fellesskap for ungdom med interesse for bygda. NBU arbeider aktivt med å sikre og utvikle næringsgrunnlaget og busetjinga på bygdene gjennom studie- og opplysningsarbeid, og ved å arrangere stemne og tevlingar.

Stemne og tevlingar

Landsstemnet

Landsstemnet er den store hendinga kvart år og kunne allereie før krigen samle opp til 15 000 deltakarar. Stemnet har blitt arrangert kvart år sidan krigen. I tillegg til landsstemnet er Høstarrangementet ein viktig møtestad for medlemmene. Stemne og samlingar blir toppa med bankett og premieutdeling etterfølgde av dans, fest og moro.

Tevlingar

Tevlingane er sentrale i Bygdeungdomslaget og har tradisjonelt hatt temaa retta mot landbruk, skogbruk og husstell. Dei største tevlingane blir arrangerte under Landsstevnet og Høstarrangementet, og kvart fylkeslag kan stille med eit bestemt tal deltakarar i kvar konkurranse. Nokre av tevlingane er òg noregsmeisterskap, og det blir kåra ein noregsmeister i mange ulike øvingar, til dømes i blomsterdekorering, motorsag, maskinmjølking og eksteriørvurdering.

Her er nokre fleire døme på tevlingar du kan delta i:

  • presisjonskøyring med traktor

  • blautkakepynting

  • ost og spekematanretning

  • mønstring av hest

  • kokkekamp

  • swing

Visste du at ...

NBU kvart år kårar Årets unge bonde i samarbeid med Felleskjøpet Agri og McDonald’s Norge?

Oppgåver

  1. Finn ut kvar ditt nærmaste bygdeungdomslag held til. Kven er det som sit i styret?

  2. Kva heiter fylkeslaget i området ditt, og kven er det som sit i styret der?

  3. Kva aktivitetar står på programmet i det lokale bygdeungdomslaget ditt? Kva med fylkeslaget, kva skjer der?

  4. Om du er i ein del av landet der det ikkje er aktive lag, finn ut om det har vore aktive bygdeungdomslag i nærleiken tidlegare. Kva skal til for å starte opp eit nytt lag?

  5. Kva fordelar kan du få som medlem i eit bygdeungdomslag?

Kjelder

Norges Bygdeungdomslag. (2025, 31. desember). Medlemsstatistikk 2025. https://www.nbu.no/getfile.php/1334190-1768225934/Nedlastingssenter/Medlemsstatistikk/Medlemsstatistikk%202025.pdf

Norges Bygdeungdomslag. (2025, 24. september). Styringsdokumenter for tevling. https://www.nbu.no/ressurser/tevling/styringsdokumenter/

Norges Bygdeungdomslag. (2025, 14. juli). Vedtekter. https://www.nbu.no/getfile.php/1333082-1755597325/Nedlastingssenter/Styringsdokumenter/Vedtekter%20%282025%29.pdf

Norges Bygdeungdomslag. (2018, 18. oktober). Vår historie. https://www.nbu.no/var-historie/category952.html

Relatert innhald

Skrive av Eivind Bakk og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 24.02.2026