Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Norsk bonde- og småbrukarlag

Norsk bonde- og småbrukarlag (NBS) er ein partipolitisk nøytral organisasjon som i dag har rundt 7000 medlemmer. Dei arbeider for gode vilkår i landbruket, særleg for små og mellomstore bruk. Dei vektlegg miljø- og distriktsomsyn og ser norsk matproduksjon i eit langsiktig perspektiv.

Bakgrunn og historie

Norsk Bonde- og Småbrukarlag (Småbrukarlaget) har vore ein veslebror samanlikna med Norges Bondelag. Småbrukarlaget har omtrent 7000 medlemmer fordelte i 18 fylkeslag og 150 lokallag (2026). Organisasjonen blei stifta i 1913 som eit alternativ til Bondelaget, under namnet Norsk Småbrukerforbund. Namnet blei endra allereie i 1919 til dagens namn.

Tradisjonelt har Småbrukarlaget vore for bønder med små eigedommar, men på 2000-talet har det gradvis endra seg. No er det mange som meiner at ideologi har meir å seie enn bruksstorleik.

Formålet med Norsk bonde- og småbrukarlag

NBS skal fremme landbruket og dei faglege, kulturelle, sosiale og økonomiske interessene til medlemmene. Organisasjonen er partipolitisk nøytral og skal arbeide for å skape gode og likeverdige vilkår for alle i landbruket og utvikling og trivsel i lokalsamfunnet.

Norsk bonde- og småbrukarlag seier om seg sjølv at dei "er organisasjonen for deg som er opptatt av norsk matproduksjon i et evighetsperspektiv, enten du er bonde, forbruker eller dyrker tomater i vinduskarmen".

Småbrukarlaget har mange av dei same måla som dei jobbar med i Bondelaget, men har tradisjonelt større miljø- og distriktsfokus enn Bondelaget.

Småbrukarlaget og Bondelaget har elles omtrent dei same medlemsfordelane (advokatbistand og økonomirådgiving).

Hovudområde for arbeidet

  • å gi små og mellomstore bruk gode vilkår

  • å fremme matproduksjon med norske råvarer, lokal foredling og å sørge for god distriktsprofil

Bonde- og småbrukarlaget verkar ofte mindre kompromissvillig i forhandlingar enn Bondelage og har fleire gonger brote jordbruksforhandlingane som dei er ein del av. Dei har òg teke opp skiftinger i landbrukspolitikken i sin eigen politikk, som til dømes endringar etter bondeopprøret i 2021.

Kjelder

Norsk bonde- og småbrukarlag (u.å.). Bli medlem. Henta 16. januar 2026 frå https://www.smabrukarlaget.no/om-oss/bli-medlem/

Norsk bonde- og småbrukarlag (u.å.). Om oss. Henta 16. januar 2026 frå https://www.smabrukarlaget.no/om-oss/

Norsk bonde- og småbrukarlag (2024). Prinsipprogram. Henta 16. januar 2026 frå https://www.smabrukarlaget.no/media/21yp4nw1/prinsipprogram-vedtatt-2021-oppd-lm24.PDF

Relatert innhald

Skrive av Eivind Bakk og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 02.03.2026