Norges Bondelag
Historiske fakta
Bondelaget blei stifta allereie i 1896 under namnet Norsk Landmandsforbund. Namnet blei endra til Norges Bondelag i 1922. I dag (2026) er Norges Bondelag organisert i 14 fylkeslag og 500 lokallag.
Visste du at ...
Den første store kampsaka til Bondelaget handla om vernetoll på korn? Kornbandet i logoen symboliserer at eitt strå knekk lett, men samla i eit nek står stråa støtt.
Føremålet med Norges Bondelag
Norges Bondelag skal sikre matprodusentar gode økonomiske vilkår og velferdsordningar på lik linje med samfunnet elles. Bondelagets mandat er å
arbeid for god næringspolitikk til beste for medlemmene og samfunnet elles, til dømes gjennom innspel på høyringar om lover og reglar som påverkar produksjon og omsetning av mat
synleggjere overfor samfunnet og styresmaktene kva betydning landbruket har for å halde oppe busetjing på bygdene
fremme matproduksjon over heile landet og mest mogleg nasjonal sjølvforsyning
fremme jordbrukets klimaplan og produsere mat på en miljøvennlig måte
kjempe for sterkt jordvern
Dette gjer dei gjennom å
representere landbruket i forhandlingar med staten og i andre politiske prosessar, til dømes i dei årlege jordbruksforhandlingane
arbeide for gode rammevilkår for heile landbruket
tilby medlemmene advokatbistand og økonomisk rådgiving

Oppgåver
Kva er namnet på det lokale bondelaget der du bur, og kven er det som sit i styret?
Finn òg ut kven som er leiar i fylkeslaget.
Finn ut kva for viktige saker som står på dagsordenen til det lokale bondelaget og fylkeslaget der du bur.
Kva heiter leiaren i Norges Bondelag? Kva saker er det som dukkar opp når du søker på namnet på internett?
Relatert innhald
Nettside hos digiblad.no