Det er ei rekke lover og forskrifter som regulerer drift av reiselivsverksemder. Somme er spesielle for reiselivsnæringa. I tillegg kjem lovverket generelt, som reiselivsverksemder òg må forhalde seg til.
Kva for nokon lover må du kjenne til om du driv ei reiselivsbedrift som arrangerer breturar?
Ønsker du å drive ei reiselivsbedrift, er det viktig at du kjenner til lovverket. I tillegg til lover og forskrifter som gjeld spesielt for reiselivsnæringa, må du kjenne til dei lovene som gjeld generelt for drift av verksemder i Noreg.
I denne artikkelen blir du kjend med nokre sentrale lover og forskrifter for reiselivsbransjen og viktige reglar som gjeld. Ei fullstendig oversikt over relevante lover og forskrifter finn du i artikkelen "Lover og regler for drift" på NHO Reiseliv.
Kva forpliktingar har du overfor kundane dine når du sel pakkereiser? Ei eiga lov om pakkereiser gir kundane fleire rettar. Føresegnene i pakkereiselova gjeld òg når kunden sjølv set saman ei reise med fleire av dine eller samarbeidspartnarane sine produkt.
Les meir om pakkereiselova
Krav til reisearrangørar
Pakkereiselova gjeld når du sel ei reise eller eit arrangement som varer i meir enn 24 timar og omfattar minst éi overnatting, og som inneheld minst to av desse reisetenestene:
transport
innkvartering
andre turisttenester
Transport kan til dømes vere fly, tog, buss eller ferje.
Om innkvarteringa berre er eit ledd i ei transportteneste, slik som ei overnatting i samband med ei mellomlanding, så vil ho ikkje bli rekna som ei eiga reiseteneste.
Andre turisttenester må utgjere ein vesentleg del av arrangementet. Det kan til dømes dreie seg om bilutleige eller billettar til eit arrangement.
I tillegg til føresegnene i pakkereiselova finst det noko som heiter alminnelige vilkår for pakkereiser. Dette er tilleggsføresegner til pakkereiselova som er utarbeidde av Forbrukartilsynet og Virke Reise Utland.
Dei viktigaste reglane i pakkereiselova og dei alminnelege vilkåra for pakkereiser gjeld
Når du opptrer som reisearrangør og sel ei reise, pliktar du å sørgje for at all informasjon om reisa er dekkjande og korrekt. Dersom til dømes ein lugar på Hurtigruta ligg utsett til for støy, må du opplyse om det. Du skal oppgi alle nødvendige opplysningar om reisa og om viktige praktiske forhold. Dette inkluderer opplysningar om reisemålet, transporten, overnattinga, reiseplanen og betalinga, og til dømes vilkår om at det må vere minst så å så mange deltakarar for at reisa skal bli gjennomført.
Opplysningar på nettsider eller i anna informasjonsmateriell som du har utarbeidd eller viser til, blir rekna som ein del av avtalen mellom deg som arrangør og kunden.
I informasjonsmateriellet skal du gjere merksam på at opplysningane kan bli endra – før avtalen blir inngått.
Avbestilling
Pakkereiselova har klare reglar om den retten kunden har til avbestilling og avbestillingsvern og om retten til å overdra pakkereisa. Her er hovudreglane kort samanfatta:
Avbestilling: Kunden har rett til å avbestille dersom det blir konstatert krigshandlingar, naturkatastrofar eller farlege smittsame sjukdommar på eller i nærleiken av reisemålet dei siste 14 dagane før pakkereisa startar, og det er rimeleg grunn til å tru at det vil vere slik òg når pakkereisa etter avtalen skal byrje (dette blir kalla for force majeure-hendingar).
Avbestillingsvern: Kunden har rett til å avbestille ei pakkereise vederlagsfritt ved sjukdom, ulykker, dødsfall og liknande. Det vil seie at kunden kan avbestille dersom kunden sjølv eller nokon i husstanden eller den næraste familien blir plutseleg og alvorleg sjuk, kjem ut for ei ulykke eller døyr, slik at det blir umogleg eller uforsvarleg for kunden å gjennomføre pakkereisa.
Rett til å overdra reisa: Kunden har rett til å overdra pakkereisa til ein person som oppfyller vilkåra for å delta på pakkereisa. Kunden må ha underretta arrangøren eller formidlaren om dette i rimeleg tid før pakkereisa skal byrje.
Manglar ved reisa
Ein mangel kan til dømes vere at kunden får ein leigebil eller lugar som er dårlegare enn det som var førespegla. I slike tilfelle er det du som reisearrangør som må ta ansvaret, for du er òg ansvarleg for leveransar frå tredjepartar.
Alle som sel pakkereiser i Noreg, skal vere medlem av Reisegarantifondet. Fondet gir dei reisande vern dersom eit reiseselskap går konkurs. Om selskapet går konkurs før reisa startar, har kundane rett til å få refundert det dei har betalt for reisa. Går selskapet konkurs mens reisa er i gang, har dei rett til å få dekt heimreise.
Med reisegaranti meiner vi her ei erklæring frå ein bank eller eit forsikringsselskap stilt overfor Reisegarantifondet. Garantistane forpliktar seg til å utbetale eit beløp til fondet etter påkrav. Dei skal òg betale inn eit årsgebyr.
Innst. 354 L (2017–2018). Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (pakkereiseloven) (gjennomføring av direktiv 2015/2302/EU om pakkereiser og sammensatte reisearrangementer). Familie- og kulturkomiteen. https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Innstillinger/Stortinget/2017-2018/inns-201718-354l/
Pakkereiselova. (2018). Lov om pakkereiser og reisegaranti mv. (LOV-2018-06-15-32). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2018-06-15-32/KAPITTEL_1#%C2%A75
Forbrukartilsynet. (u.å.). Alminnelige vilkår for pakkereiser. https://www.forbrukertilsynet.no/lov-og-rett/veiledninger-og-retningslinjer/alminnelige-vilkar-pakkereiser
Tobakksskadelova har føresegner som seier kvar det er forbode å røyke. Mange omtalar desse føresegna som "røykelova".
Røyking er ikkje tillate på serveringsstader, det vil seie i lokale der det blir servert mat og drikke. Det er heller ikkje lov å røyke i transportmiddel – buss, tog, fly og så vidare. Reklame for tobakksvarer er forbode.
Les meir om tobakksskadelova
Formålet med lova
Formålet med denne loven er å begrense de helseskadene som bruk av tobakksvarer medfører gjennom å redusere forbruket og på sikt bidra til å oppnå et tobakksfritt samfunn. Videre regulerer loven tiltak for å forebygge at barn og unge begynner å bruke tobakksvarer, fremme at de som allerede bruker tobakksvarer, slutter og beskytte befolkningen mot eksponering for tobakksrøyk. (Tobakksskadelova, 1973, § 1)
Sal av tobakksvarer
Det er forbode å selje tobakkssvarer til personar under 18 år, jf. § 17. Det er òg forbode med tobakksreklame, jf. § 22. Alle tobakksvarer skal vere merkte med helseåtvaring, jf. § 30.
Røykeforbod
Tobakksskadeloven har føresegner som seier kvar det er forbode å røyke. Mange omtalar desse føresegnene som "røykelova". Du kan lese om røykeforbod i lokale og transportmiddel i § 25 i tobakksskadeloven.
Det skal vere merkt tydeleg at det er røykeforbod, til dømes ved inngangen til ein serveringsstad. Verksemda skal ha eit system for internkontroll og skal kunne dokumentere overfor tilsynsmaktene at forbodet mot røyking blir overhalde.
Viss nokon likevel røyker, kan dei visast bort frå transportmiddelet eller serveringsstaden.
Tobakksforbod på skular
I samsvar med § 27 er det forbode å røyke og snuse i skuletida på skuleområdet.
Alle som jobbar på ein serveringsstad, må følge ein del lover og reglar for å sikre at det blir produsert trygg mat. Dei viktigaste reglane finst i matlova, næringsmiddelhygieneforskrifta og internkontrollforskrifta.
For å kunne drive ein serveringsstad må du ha serveringsløyve. Kva som blir rekna som ein serveringsstad, blir definert av lov om serveringsverksemd (serveringslova). Det er kommunen som gir serveringsløyve.
Til serveringsstader som ønsker å servere alkoholhaldige drikker, blir det stilt strenge krav. Sjølv om alkohol er ei lovleg vare, kan bruk av alkohol føre til både sosiale og helsemessige skadar på enkelpersonar og samfunnet.
Kapittel 4 i alkohollova om kommunale skjenkeløyve fortel kva som trengst for å få skjenkeløyve. Blir alkohollova broten, kan ein miste løyvet for kortare eller lengre tid. Kva reglar som gjeld, står i løyvevedtaket i kommunen.
Rett musikkbruk i butikkar, hotell og restaurantar er viktig for at kundane skal vere nøgde. Men på grunn av opphavsretten, som er regulert i åndsverklova, kan ikkje bedrifter fritt spele den musikken dei ønsker utan ein avtale.
TONO forvaltar rettane til artistane. Bedrifter som ønsker å bruke bakgrunnsmusikk i kundelokale, må derfor inngå ein avtale med TONO.
Les meir om åndsverklova
Bruk av musikk offentleg
Kjøpesenter, butikkar, restaurantar og andre som speler musikk offentleg, må ha ein avtale med dei som har skrive og eig musikken. Opphavarane må, med bakgrunn i lov om opphavsrett til åndsverk mv. (åndsverklova), ha gitt løyve til at musikken kan spelast. Først når opphavspersonen har vore død i meir enn 70 år, blir musikken fritt tilgjengeleg.
TONO
Det hadde vore svært tungvint dersom kvar bedrift skulle inngått eigne avtalar med alle artistane. Derfor har vi eit selskap som gir slike løyve på vegner av artistane. Selskapet heiter TONO og driv med konsesjon frå Kulturdepartementet.
TONO forvaltar rettane til artistane. Bedrifter som ønskjer å bruke bakgrunnsmusikk i kundelokale, må derfor inngå ein avtale med TONO. For ei bedrift med kundelokale på inntil 100 kostar det 1 787 kroner i året (2026). Du finn oppdaterte prisar i prisoversikta til TONO.
Det er eit stort ansvar å leige ut småbåtar. Viss du vurderer å starte med utleige av småbåtar, er det viktig at du kjenner til småbåtlova. Denne lova gjeld for både småbåtar og fritidsbåtar.
Ein småbåt er ifølge lova ei flytande innretning som er berekna på og i stand til å bevege seg på vatn, og som har ei lengde på inntil 15 meter.
Ein fritidsbåt er ifølge lova ei flytande innretning som er berekna på og i stand til å bevege seg på vatn, som har ei lengde på inntil 24 meter, og som blir brukt utanfor næringsverksemd.
Ansvar og krav i Småbåtlova
Både båteigarar og båtførarar er ansvarlege for å følge reglane i småbåtlova. Som båteigar er du òg ansvarleg for at båtbruken ikkje forårsakar helseskadar eller miljøforstyrringar. Dette vil i praksis seie at viss du leiger ut ein båt, må du fortelje den som leiger han om til dømes fuglereservat og andre område der ferdsel med båt kan forstyrre miljøet.
I tillegg skal alle båteigarar sørge for at fritidsbåtane deira er utstyrte med eigna rednings- og flyteutstyr til alle om bord, og gi beskjed om kor mange personar som er tillatne om bord. Det er ansvaret til den enkelte å ha på seg redningsvest eller flytevest når båten er i fart. Båtføraren har ansvaret for barn under 15 år.
Båteigaren er òg ansvarleg for at den som skal føre båten, er gammal nok og oppfyller krav til helsetilstand og opplæring og andre kvalifikasjonskrav, til dømes båtførarprøven.
I Noreg er det òg strenge reglar for køyring av båt i påverka tilstand, og det er plikta og ansvaret til båteigaren å opplyse om dette, og om kva konsekvensar det har å bryte lova.
Tivolilova omfattar nær 900 såkalla fornøyelsesinnretningar, til dømes karusellar, løypestrengar og gokartbanar.
Taubanelova omfattar over 800 skiheisar og andre taubanar i Noreg.
Dei to lovene har same formål, nemleg å sikre at høvesvis fornøyelsesinnretningar og taubanar blir laga til, bygde, drivne, haldne ved like og fjerna på ein slik måte at dei ikkje fører til skade på personar, eigedom eller miljø.
Meir om tivolilova og taubanelova
Det er Samferdselsdepartementet som er ansvarleg styresmakt for tivolilova og taubanelova. Verksemder som tilbyr folk å bruke fornøyelsesinnretningar, må innhente driftsløyve frå departementet før dei kan ta i bruk innretningane. I tillegg må dei ha etablert eit system som kan sikre og dokumentere at dei oppfyller krava i lova, og krava er strenge.
Som ansvarleg styresmakt kan departementet mellom anna gi forskrifter om
tekniske og driftsmessige krav, inkludert krav til bemanning, redningsberedskap, sikkerheitsstyringssystem og erstatnings- og forsikringsplikt og dessutan unntak for krav til å stille sikkerheit
godkjenning eller sertifisering av personell som skal utføre oppgåver av tryggingsmessig betydning, og dessutan bruk av slikt personell
universell utforming av byggverk, innretningar og billettsystem
På søndagar og alle heilagdagar gjennom året skal ein vise ekstra omsyn, og ikkje forstyrre heilagdagsfreden med utilbørleg larm. Normalt er det derfor ikkje lov å ha offentlege arrangement mellom klokka 6 og klokka 13 på slike dagar – unnateke på 1. og 17. mai. Du kan søke politiet om løyve dersom du ønsker å ha eit arrangement på ein heilagdag.
I dag er det mange diskusjonar rundt søndagsopne butikkar. Utsalsstader som ligg på typiske turiststader, kan halde ope på søndagar. Men kva må til for at eit område skal reknast som ein typisk turiststad?
Kommunen kan søke Statsforvaltaren om å få eit område godkjent som typisk turiststad for heile eller delar av året. Berre område der salet i dei aktuelle periodane hovudsakleg skjer til turistar, kan reknast som typiske turiststader.
Følgande stader kan ha ope på søndagar
kioskar og daglegvarebutikkar på inntil 100 kvadratmeter
utsalsstader på campingplassar i campingsesongen
kunstgalleri og liknande som sel utstilte gjenstandar
produksjonsstader som er tilrettelagde for turisme, og som sel varene dei produserer