Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Tjuveri

Tjuveri utgjer ein stor del av svinnet til handelsnæringa. Årleg blir det stole for fleire milliardar kroner frå norske butikkar.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Om tjuveri i straffelova

Reglane om tjuveri finn vi i straffelova § 321 (om tjuveri) og § 322 (om grovt tjuveri). Det er vanleg å skilje mellom kundetjuveri og personaltjuveri.

Kven stel?

I grove trekk kan vi seie at det hovudsakleg er

  • profesjonelle
  • personar som stel på impuls eller for å oppleve spenning
  • rusmisbrukarar
  • gjengar

Korleis stel folk?

Folk stel ved å

  • fjerne alarmar
  • manipulere alarmar
  • putte varer i lommer som er sydde inn i kleda deira
  • leggje varer i barnevogner
  • ta på seg fleire plagg
  • byte gamle sko med nye
  • ete og drikke ubetalte varer mens dei handlar

Tiltak mot tjuveri

Desse praktiske tiltaka kan butikkar bruke for å hindre tjuveri:

  • Lag gode rutinar og gi dei tilsette god opplæring.
  • Lær dei å smile og seie hei til alle kundar.
  • Kjenn til svinnhjulet. Bli klar over kva som kan forårsake svinn på dei ulike stadene varene passerer.
  • Monter sladrespeglar i butikken.
  • Unngå høge hyller.
  • Kjenn til metodar for å stele.
  • Gå rundt i lokalet for å følgje med på det som skjer.
  • Leig inn vektarar til å passe på.
  • Ha god orden i lokala.
  • Verdset dei tilsette, slik at dei føler ansvar og ikkje stel på jobben.
  • Lag etiske retningslinjer. Bli klar over kva konsekvensar det har å stele på jobben.

Eit smil er gull verdt

Ei sur og stressa betening er tjuvens venn. Det mest førebyggjande tiltaket kan dei tilsette stå for, nemlig å alltid smile og seie “hei” når det kjem kundar inn i butikken.

Relatert innhald

Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 28.01.2022