Svinnhjulet - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Svinnhjulet

Svinn er tap av verdiar. Svinn reduserer altså fortenesta til bedriftene, og tiltak mot svinn er derfor ofte svært lønnsame. I tillegg er redusert svinn eit viktig tiltak for ei meir berekraftig verd.

Svinnhjulet

Svinnhjulet viser alle svinnkjeldene som finst i reisa ei vare gjer til og gjennom butikken. Svinnhjulet startar med bestilling og sluttar ved kassepunktet.

Svinn kjem ofte av dårlege rutinar, slurv, vankunne eller uærlegdom. Det er mykje pengar som går tapt for bedriftene. Securitas vurderte i 2019 at svinn utgjorde eit årleg tap på 5,6 milliardar kroner.

Bestilling

Allereie når dei bestiller varer, bør bedrifter setje inn tiltak for å avgrense svinn. Det er viktig å bestille riktig mengd. For store bestillingar kan føre til svinn, anten ved at varer går ut på dato, eller ved at dei blir vanskelege å selje fordi produktet er utdatert.

For å unngå feil skal større bestillingar godkjennast av fleire personar.

Det er ulike måtar å bestille varer på. Ei moglegheit er manuell bestilling ved at bedrifta sender ein e-post, ein annan at leverandørane sjølv foreslår ei bestilling. Det kan vere at bedrifta bruker elektronisk skanning med handskannar i butikken, eller kanskje ho har eit administrativt system der sal, lager og bestilling er integrert.

  • Gode rutinar for kontroll og godkjenning av bestillingane er viktige, uansett kva metode bedrifta bruker for bestilling.

Leverandør

Med leverandør meiner vi ein person eller ei bedrift som kan levere ei vare vi treng. Det kan vere mange leverandørar å velje mellom. Korleis skal bedrifta velje den rette? Den riktige leverandøren leverer rett vare til rett stad og rett pris.

Bedriftene bør gjennomføre tiltak overfor leverandørane sine for å førebyggje svinn. Leveransar som ikkje er i samsvar med bestilling, kan føre til svinn. Bedrifter kan oppleve å få feil vare eller varer som held på å gå ut på dato. Aktuelle tiltak som bedrifter kan gjere, er å:

  • sjekke referansane til leverandøren, det vil seie å høyre med andre kundar om dei er fornøgde, før ein vel leverandør

  • sjekke om leverandøren har etiske retningslinjer

  • etablere gode relasjonar med leverandørane og opparbeide gjensidig tillit

Varemottak

For å hindre svinn er det viktig med gode rutinar for mottak av varer. Dei tilsette må få god opplæring slik at dei kan sjekke varene som kjem inn til lager.

Å sjekke varer ved mottak betyr mellom anna å:

  • kontrollere at pakksetelen stemmer overeins med det som er bestilt

  • kontrollere at mengda som er motteken, stemmer overeins med pakksetelen

  • kontrollere at det er samsvar mellom pakksetel og faktura

  • kontrollere at varene er i god stand, og at prisane er som avtalte

Lager

På lageret kan det oppstå svinn fordi varer blir øydelagde eller stolne, eller fordi vi rett og slett ikkje finn varene.

Tiltak for å hindre svinn frå lager kan vere:

  • eit ryddig, oversiktleg og reint lager

  • temperatur som er tilpassa typen varer

  • gode låserutinar

  • avgrensa tilgang for tilsette og kundar

  • kameraovervaking

  • registrering av svinn i eit digitalt system

Prising

Bedrifta må først og fremst setje riktig pris. Prisen er heilt avgjerande for kor mykje pengar bedrifta kan tene på ei vare. Tiltak mot svinn i samband med pris kan vere:

  • riktige prisar i kassesystemet, og å justere opp prisen når kampanjar har gått ut

  • god opplæring av tilsette, slik at bedrifta reknar ut riktige prisar og ikkje slår inn feil pris eller kodar på kassene

Salsflata

Det er mange måtar vi kan førebyggje svinn på salsflata i ein butikk på, og det er dei daglege rutinane som er viktige:

  • Dei tilsette må følgje med på datostemplinga på matvarer. Nokre matvarer har ein utløpsdato, men no blir mange òg merkte med "best før – ofte god etter" og dato. Butikkane gir ofte rabatt på desse varene.

  • Sjekk at temperaturen er riktig på frysevarer og kjølevarer.

  • Ta vekk dårlege, øydelagde eller skitne varer. Desse kan leggjast separat og prisast med rabatt slik at butikken kastar minst mogleg.

  • Sett nye varer bakarst og inst på hyllene, slik at dei eldste blir først selde.

  • Hald salsflata ryddig, og trekk varene fram i hyllene.

Kundetjuveri

Tjuveri frå salsflata er eit svinnproblem. Det finst fleire tiltak butikken kan gjere for å unngå tjuveri.

  • Butikken kan kjøpe tenester frå eit vektarfirma.

  • Dei butikktilsette seier alltid hei til kundane, smiler og ser dei i auga.

  • Dei butikktilsette registrerer dei stadene der det har vorte stole varer frå butikken (dato, vekedag, klokkeslett og varetype). Då kan ein setje inn tiltak i desse områda.

  • Butikken kan sikre varene med alarm.

  • Butikken kan installere kameraovervaking.

  • Dyre varer og varer som er lette å stele, kan plasserast nært kassene slik at dei butikktilsette kan følgje med.

Video: OsloMet TV / CC BY-NC-ND 4.0

Personaltjuveri

Dei tilsette kan òg bli freista til å stele. 32–37 prosent av alt svinn kjem truleg av tilsette som stel (du kan lese meir om dette i artikkelen Når de ansette stjeler på dinbedrift.no). Tiltak mot personaltjuveri kan til dømes vere:

  • å skape trivsel – tilsette som trivst, stel mindre

  • gode personalrabattar eller andre ordningar for tilsette

  • at leiinga etterspør kor mykje svinn som går føre seg, og formidlar ein nullvisjon til dei tilsette

  • at det blir tydeleg formulert kva konsekvensar personaltjuveri vil føre til

Kassepunkt

Sjølvbeteningskassar kan vere ei kjelde til svinn. Kundar kan anten umedvite eller medvite slå inn feil i kassa. Ein kunde kan til dømes slå inn avokado som gulrot, og får på denne måten ei billigare handlekorg. Tiltak mot svinn ved kassepunktet kan vere:

  • videoovervaking og stikkprøver av kundar i sjølvbeteningskassar

  • manuelle og sjølvbetente kasser ved sida av kvarandre, slik at dei tilsette kan tilby hjelp til kundar i sjølvbeteningskassane

  • at kontantbeløp blir talte opp og avstemte i forhold til utskrift frå kasseapparatet

  • at kontantbeløp blir leverte i droppsafe eller nattsafe etter stengjetid

Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021