Tjuveri og andre typar svinn - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Tjuveri og andre typar svinn

Bruk det du har lært om tjuveri og andre typar svinn, til å løyse oppgåvene.

Oppgåve 1 – individuelt og i klassa

  1. Vel ein butikk og beskriv korleis svinn kan oppstå i akkurat den butikken.
  2. Føreslå tiltak for å redusere svinnet i butikken.
  3. Diskuter forslaga saman i klassa.

Oppgåve 2 – i grupper

  • Diskuter kva produkt som er mest utsette for tjuveri på salsflata
  1. i ein klesbutikk
  2. i ein daglegvarebutikk
  3. på ein bensinstasjon
  • Lag forslag til tiltak for a, b og c.
  • Presenter forslaga for klassa.
Skrive av Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021