Oppgave
Svinn i praksisbedrifta
Svinn er tap av ressursar, og svinn fører dermed til dårlegare lønnsemd for bedrifta. Alle tilsette kan vere med på arbeidet med å minimere svinn. Som praksiselev kan du kanskje bidra med nye innspel på kva som er svinnkjelder i praksisbedrifta.
Innleiing: Fortel om praksisbedrifta.
Innhald: Kva er svinn og svinnkjelder? Bruk illustrasjonen "Svinnhjulet" til å fortelje om aktuelle svinnkjelder i praksisbedrifta di. Dersom de har personalrom eller kantine, må du òg vurdere om matsvinn kan vere eit problem.
Svinn og berekraft: Kvifor er det viktig at alle bedrifter vurderer svinnkjeldene sine?
Tiltak mot svinn: Kva tiltak mot svinn i praksisbedrifta vil du foreslå?
Avslutning: Summer opp kva svinnkjelder praksisbedrifta har, og kva tiltak du foreslår mot svinn.