Sosiale medium og rekruttering - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosiale medium og rekruttering

Internett og dei sosiale media får stadig større betyding i samband med rekruttering. Her ligg det store moglegheiter både for arbeidsgivarar og jobbsøkjarar.

Facebook, Instagram og LinkedIn er døme på sosiale medium som blir brukte aktivt av både arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar. Men arbeidssøkjarar og bedrifter bruker internett og sosiale medium på ulike måtar.

Både bedrifter og arbeidssøkjarar må uansett vere merksame på at det er mykje informasjon som kan finnast gjennom enkle søk på nettet. Eit godt råd er å google seg sjølv og bedrifta med jamne mellomrom, for å sjekke kva som er lagd ut av informasjon og bilete.

Når du skal søkje arbeid

Som arbeidssøkjar bør du først og fremst leggje inn din digitale CV hos jobbportalane finn.no/jobb og arbeidsplassen.no. Dette er Noregs to største databasar med CV-ar frå jobbsøkjarar og jobbannonsar frå bedriftene. Du kan òg leggje inn bestilling om varsel hos jobbportalane, slik at dei varslar deg når det blir lyst ut ei stilling som passar søket ditt.

I tillegg til finn.no og arbeidsplassen.no kan lokale rekrutteringsbyrå vere ein lur stad for deg å leggje inn CV-en din. Dei har som oftast ein nettstad der du legg inn opplysningar om deg sjølv digitalt. Det skjer ofte at bedrifter bruker desse byråa til å foreslå kandidatar, eller til å skaffe vikarar. Å få eit vikariat gjennom eit rekrutteringsbyrå er ein god måte å få verdifull kompetanse på.

LinkedIn er eit profesjonelt nettverk. Det fungerer som Facebook ved at du opprettar ein profil der du opplyser om utdanning og jobberfaring. LinkedIn skil seg frå Facebook ved at du søkjer etter kontaktar innan bransjen din, ikkje etter vener.

Du kan òg knyte deg til aktuelle fagpersonar og byggje eit profesjonelt nettverk. Nyheitene du legg ut, har med jobben din, bedrifta di eller faget ditt å gjere. På denne måten kan du gjere deg interessant for kontaktane dine i bransjen. Du kan òg delta i diskusjonsgrupper og gjennom LinkedIn få kjennskap til ledige jobbar.

Bruk av sosiale medium og nettrekruttering for bedrifter

Bedrifter legg ut jobbannonsar først og fremst på eigne nettsider. Deretter linkar dei ofte via eit innlegg på Facebook og andre sosiale medium til sin eigen nettstad, der arbeidssøkjarar kan finne relevant informasjon om stillinga.

Bedrifter opprettar profilar på finn.no/jobb og arbeidsplassen.no. Gjennom desse jobbportalane legg dei inn jobbannonsar og får tilgang til å søkje i databasar med arbeidssøkjarar. Dette gir bedriftene direkte tilgang til kandidatar innanfor ei bestemd målgruppe.

Bedrifter bruker òg LinkedIn som ei rekrutteringsplattform. Bedriftene kan lage jobbannonsar og publisere, eller dei kan søkje aktivt blant alle personlege profilar etter kandidatar med riktig bakgrunn. Gjennom LinkedIn kan bedriftene ta kontakt med dei menneska dei går ut frå er dei rette, for å prøve å få dei til å søkje jobben.

Relatert innhald

Fagstoff
LinkedIn og nettverk

Linkedin er eit sosialt nettverk som blir brukt i jobbsamanheng. Mange får jobb via nettverket, og det er viktig å bruke tid på lage ein god profil.

Skrive av Oddvar Torgersen og Cecilie Lund. Rettshavarar: Amendor og NKI
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021