Rekruttering via arbeidsplassen.no og finn.no - Forretningsdrift (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Rekruttering via arbeidsplassen.no og finn.no

Internett får stadig større betydning i samband med rekruttering. Her ligg det store moglegheiter for både arbeidsgivarar og jobbsøkjarar. I denne oppgåva skal du undersøkje dei to største databasane for jobbsøking og rekruttering i Noreg.

Nettstadene arbeidsplassen.no og finn.no/jobb er dei to største nettstadene for både arbeidssøkjarar og bedrifter som søkjer etter tilsette i Noreg.

Oppgåve

Finn ut meir om finn.no/jobb og arbeidsplassen.no. Slå opp på nettstadene og undersøk følgjande:

  1. Kven eig nettstadene?
  2. Kva kan desse nettstadene hjelpe bedrifta med?
  3. Korleis kan nettstadene hjelpe ein arbeidssøkjar?
  4. Koster det pengar å registrere seg som bedrift eller arbeidssøkjar?
  5. Samanlikn opplysningane om begge nettstadene, og beskriv korleis bedrifta og du som arbeidssøkjar kan bruke dei.
Skrive av Tor Torgersen.
Sist fagleg oppdatert 09.03.2021