Oppgave
Jobbannonse og arbeidskontrakt
Kva står det i ein jobbannonse, og kva blir kravd av ein arbeidskontrakt? Korleis førebur du deg på å ta imot ein nytilsett i bedrifta? Desse oppgåvene eignar seg godt som gruppearbeid.
- Finn jobbannonsar for ei vald stilling. Lag ei liste over kva for nokre formelle kvalifikasjonar ein er ute etter, og kva eigenskapar ein ser etter.
- Bruk lovdata.no og søk på arbeidsmiljølova. Finn ut om ein arbeidsgivar har plikt til å informere arbeidstakarane om ledige stillingar i verksemda.
- Forsøk å finne ut kva slags frynsegode som er typiske for den stillinga du har valt.
- Kartlegg kor mange i klassen som jobbar ved sida av skulen, og kor mange av desse som har signert ein arbeidskontrakt. Viss dei har signert kontrakt: Tilfredsstiller kontrakten krava som arbeidsmiljølova § 14-6 krev? Viss dei ikkje har nokon kontrakt: Har dei i samsvar med lovverket krav på ein slik avtale?
- Korleis vil du ta imot ein nytilsett? Skriv ned nokre tankar om kva du bør passe på å gjere og ikkje gjere.