Oppgåver om netthandel - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Oppgåver om netthandel

I desse oppgåvene skal du undersøkje korleis netthandel blir brukt som distribusjonskanal.

Oppgåver

  1. Vel ut to nettbutikkar som har internett som den viktigaste salskanalen sin. Gå inn på nettbutikkane og utforsk og vurder produktutvalet, brukarvennlegheita og designen. Kva meiner du er styrkane og fordelane til desse nettbutikkane samanlikna med fysiske butikkar, både sett frå perspektivet til forbrukaren og for verksemda sjølv?
  2. Det er ein stadig vekst i netthandelen. Drøft fordelar og ulemper med netthandel.
  3. Reflekter over kva du trur kjem til å kjenneteikne netthandel og distribusjon i framtida.
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020