Hval sjokolade - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Hval sjokolade

I denne oppgåva skal du, med utgangspunkt i Hval sjokolade, jobbe med konkurransemiddelet distribusjon. Oppgåva krev at du set deg inn i distribusjonsstrategien til Hval sjokolade og kampen til bedrifta om å få innpass hos matvarekjedene.

Nettressursar

Til opplysing: Både dokumentaren og artikkelen er frå 2015.

Med utgangspunkt i Hval sjokolade skal du gjere følgjande oppgåver:

  1. Gjer greie for kva vi i marknadsføringssamanheng meiner med distribusjon.
  2. Korleis distribuerte Hval sjokolade produkta sine då dei starta i 1996?
  3. Gjer greie for omgrepa "distribusjonsform", "distribusjonsgrad" og "distribusjonskanal". Bruk Hval sjokolade som døme i forklaringa.
  4. Leverandørar til dei store matvarekjedene må jobbe hardt for å få lov til å selje varene sine i butikkane. Gjer greie for nokre av utfordringane Hval sjokolade har møtt blant dei store kjedene.
  5. Vurder den heilskaplege distribusjonsstrategien til Hval sjokolade.
  6. Drøft påstanden: "Hval sjokolade bør slå seg til ro med at det er vanskeleg for dei å få innpass i butikkhyllene hos matvarekjedene."
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2020