Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Konkurransemiddelet distribusjon

Oppgåve

Oppgåver om kjedesamarbeid

I denne oppgåva skal de jobbe med konkurransemiddelet distribusjon, med utgangspunkt i kjedesamarbeid.

Forslag til arbeid med oppgåvene

  • Jobb gjerne i par eller fleire saman.
  • Lag ein presentasjon og legg fram for klassen.

Oppgåver

  1. Bruk to minutt på å skrive ned alle kjedebutikkane de kjem på. Vel ut to av kjedebutikkane de har skrive opp, og forsøk å finne ut kva slags kjedesamarbeid desse kjedebutikkane har.
  2. Vel dykk ut ein av kjedebutikkane i nærområdet dykkar. Forsøk å få til eit intervju med dagleg leiar for å finne

    • kva slags kjedesamarbeid kjedebutikken er ein del av

    • ei kort skildring av kjedesamarbeidet

    • fordelar og ulemper med kjedesamarbeidet

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 06.01.2026