Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Leiing, samhandling og team

Fagstoff
Interaktivt innhald

FNs berekraftsmål - unge leiestjerner

Kvart år nominerer Dagens Næringsliv 30 leiarar under 30 år til "årets leiestjerner". Nominasjonen løftar fram unge leiarar som fokuserer på berekraft. I filmen nedanfor (lengde 01:41) høyrer vi kvifor Jenny Skavlan, som var med i juryen i 2020, synest det er viktig at berekraft blir lønnsamt.

To nominerte leiestjerner

Elin Nørve er grunnleggjar og dagleg leiar i leiarutviklingsprogrammet Future Leaders, der ho jobbar med å utvikle unge leiarar til å ta gode val for planeten.

Nørve blei i 2020 nominert som leiestjerne, og i filmen (lengde 01:48) nedanfor kan du sjå eit intervju med henne i dette høvet.

Ein annan som i 2020 blei nominert til leiestjerne er Ida Pernille Hatlebrekke. I filmen (lengde 01:08) nedanfor kan du sjå eit intervju med ho i samband med dette.

Finn ut

  • Kven blei sist nominert til årets leiestjerne av Dagens Næringsliv?

  • Skil dei seg ut frå leiestjernene i 2020?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 07.01.2026