Fagstoff
Interaktivt innhald
FNs berekraftsmål - unge leiestjerner
Kvart år nominerer Dagens Næringsliv 30 leiarar under 30 år til "årets leiestjerner". Nominasjonen løftar fram unge leiarar som fokuserer på berekraft. I filmen nedanfor (lengde 01:41) høyrer vi kvifor Jenny Skavlan, som var med i juryen i 2020, synest det er viktig at berekraft blir lønnsamt.
To nominerte leiestjerner
Elin Nørve er grunnleggjar og dagleg leiar i leiarutviklingsprogrammet Future Leaders, der ho jobbar med å utvikle unge leiarar til å ta gode val for planeten.
Nørve blei i 2020 nominert som leiestjerne, og i filmen (lengde 01:48) nedanfor kan du sjå eit intervju med henne i dette høvet.
Ein annan som i 2020 blei nominert til leiestjerne er Ida Pernille Hatlebrekke. I filmen (lengde 01:08) nedanfor kan du sjå eit intervju med ho i samband med dette.
Finn ut
Kven blei sist nominert til årets leiestjerne av Dagens Næringsliv?
Skil dei seg ut frå leiestjernene i 2020?