Utforsk rolla til personalet og leiinga
Oppgåve 1. McDonald's
Sjå kampanjefilmen og reklameannonsen nedanfor.
Kva trur de McDonald's ønsker å oppnå med kampanjen Stjel våre ansatte?
Trur de ein slik kampanje er formålstenleg for McDonald's? Kvifor / kvifor ikkje?
Reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga i gjennomføringa av McDonald's sin marknadsstrategi. Ta utgangspunkt i kva dykk sjølve veit om McDonald's og marknadsstrategien for verksemda. Søk ytterlegare informasjon på nettet og sjå gjerne filmen The Founder nedanfor for å få eit innblikk i historia til McDonald's.
Presenter refleksjonane for klassen eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.
Oppgåve 2. Apple
Sjå filmen Jobs (lengde 2:07:24 ) nedanfor. Jobs er ein biografisk spelefilm om avdøde Apple-gründer Steve Jobs (1955–2011). Jobs etablerte selskapet Apple Computer i 1976 saman med Steve Wozniak.
Kva inntrykk har de av leiarstilen til den tidlegare Apple-sjefen Steve Jobs?
Kven er Apple-sjef i dag, og kva trur de kjenneteiknar leiarstilen til dagens Apple-sjef?
Reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga i Apple i gjennomføringa av Apples sin marknadsstrategi.
Presenter refleksjonane og det de har komme fram til for klassen, eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.
Oppgåve 3
I denne interaktive oppgåva skal du svare på spørsmål relaterte til personale og leiing. Fyll inn svar for kvar av dei fire oppgåvene nedanfor.
Hugs å lagre arbeidet ditt før du går ut av oppgåva!
Du kan laste ned det du har skrive ved å trykke på "Lag dokument" på siste side i oppgåvesettet.
Oppgåve 4. Valfri verksemd
Utforsk, reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga når ei valfri verksemd skal gjennomføre ein marknadsstrategi.
Ta utgangspunkt i kva de sjølve veit om marknadsstrategien for verksemda, søk ytterlegare informasjon på nett og høyr gjerne med nokon de kjenner.
I kva grad er leiinga og personalet synlege i marknadsstrategien til verksemda? Søk gjerne etter medieoppslag og liknande som fortel om rolla til leiaren og personalet.
Presenter for klassen eller for éin eller fleire av dei andre gruppene i klassen.


