Oppgave
Bruk AIDAS til å analysere marknadskommunikasjon
I denne oppgåva skal du nytte AIDAS-modellen til å analysere ein reklameannonse og ein reklamefilm for Lerum.
- Forklar, med eigne ord, kva som blir meint med AIDAS-modellen.
- Gjer greie for kva grep du meiner Lerum har gjort i reklameannonsen for å skape merksemd og interesse hos målgruppa. Vis til konkrete døme. Gjer den same vurderinga av reklamefilmen om saftbygda Lerum.
- Vurder i kva grad du meiner reklameannonsen og reklamefilmen er utforma på ein formålstenleg måte med tanke på å få målgruppa til å ønskje og kjøpe produktet. Grunngi.
- Tenk deg at du har fått i oppdrag å ta ansvar for Lerums marknadskommunikasjon for ein ny type eplenektar med eit ungdommeleg design på flaskene. Vurder kva kommunikasjonskanalar du ville ha nytta i marknadskommunikasjonen for den nye eplenektaren. Lag forslag til utforming av bodskap og eventuelt slagord. Lag gjerne ei skisse for designet av flaska òg.
Relatert innhald
Fagstoff
Kva ønskjer vi å seie til målgruppa vår?For å nå målgruppa må vi ha ein bodskap og utforme annonsane slik at dei blir lagde merke til. Målgruppa skal ønskje å vite meir eller ønskje å kjøpe.