Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Konkurransemiddelet marknadskommunikasjon

Fagstoff
Video

Influensarmarknadsføring

Mange av oss blir påverka av influensarar. Men kva kjenneteiknar influensarmarknadsføring, og korleis jobbar influensarbransjen for å påverke oss?

Influensar

Influensarar har ein posisjon som gjer at dei påverkar kva andre meiner, liker eller kjøper. Dei er førebilete og kan tene godt på påverknadskrafta si.

Tenk over

  • Kva er dei tre første namna du tenker på når du høyrer ordet influensar?

  • Følger du nokon influensarar på sosiale medium, og har du blitt påverka til å meine, like eller kjøpe noko?

  • Kvifor trur du at mange bedrifter vel å nytte influensarar i marknadskommunikasjonen sin?

Film: Influenserreklame

I filmen nedanfor (lengde 2:12) gir forskar ved OsloMet/SIFO, Kamilla Knutsen Steinnes, oss eit innblikk i korleis influensarar jobbar for å påverke oss.

Video: Forbrukertilsynet / CC BY-NC-ND 4.0

Kva er influensarmarknadsføring?

Influensarmarknadsføring er ei form for marknadsføring der ein annonsør nyttar seg av ein eller fleire influensarar i marknadskommunikasjonen. Formålet med denne typen marknadskommunikasjon kan til dømes vere merkevarebygging eller å auke salet ved å knyte bestemde produkt til influensarar som har påverknadskraft på målgruppa. Ved å dra nytte av tilliten og truverdet influensarane har som trendsetjarar og førebilete for dei lojale følgarane og beundrarane sine, kan ein nå ut til og påverke målgruppene for produkta meir effektivt.

Influensarmarknadsføring kan til dømes gå føre seg i form av produktplassering i bilete og videoar som blir publiserte på influensaren sine kanalar på sosiale medium. Det kan òg vere å betale influensarane for å fremje og tilrå visse varemerke i tekstane sine og ulike innlegg på sosiale medium.

For å forenkle det litt er prinsippet med denne marknadsføringsforma det same som om ein ven tilrår deg å prøve ein ansiktskrem eller eit spesielt merke. Dersom du stoler på dømmekrafta til personen, vil mest sannsynleg dette rådet eller denne tilrådinga påverke deg sterkare enn ein reklame for det same produktet ville ha gjort. Influensarmarknadsføring fungerer på den same måten, slik at du kan målrette mot eit publikum av likesinna menneske som følger ein person dei ser opp til og stoler på.

Film: Ball og influensermarkedsføring

I filmen nedanfor (lengde 1:23) får du eit lite innblikk i korleis klesmerket Ball nyttar influensarmarknadsføring. Ei tekstbeskriving av innhaldet i filmen er tilgjengeleg under.

Influensarmarknadsføring hos klesmerket Ball. Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

Tekstbeskriving av innhaldet i filmen Ball og influensermarkedsføring

Ein person går gjennom ein gang i eit kjøpesenter, og det blir vist bilete frå ein klesbutikk. Neste scene i filmen går føre seg ute i ein park. Der tek ein person bilete av ei kvinne som poserer med eit antrekk i haustlauvet. Bilete frå fotograferinga blir deretter vist på ein mobilskjerm. Det er influensar Karianne Skillberg som blir presentert på skjermen, og ho sit i ein sofa og ser på mobilen sin. Skjermen viser døme på kommentarar ho har fått på bileta frå følgarane sine. Dagleg leiar for Hartmanns Oslo AS, Reidar Hartmann, fortel om Karianne og rolla hennar og har ein kort samtale med henne om samarbeidet han ønsker dei skal ha:

Hartmann: "Vi skal jo lansere denne nettbutikken. For å få trafikk der må vi ha hjelp. Vi kan ikkje berre legge ut bilete, og så blir det kundar. Vi må ha hjelp frå slike som deg."

Skillberg: "Viktigast for meg er at det er noko eg bruker til dagleg. At det blir fortruleg når eg skal reklamere for det. Viss ikkje så blir det veldig påteke."

Tenk over

Synest du at det kan vere vanskeleg å sjå kva slags innhald som er kjøpt og betalt, når du rullar gjennom Instagram-feeden din? Kva tenker du om dette?

Film: Fattig.student som markedsfører

I filmen nedanfor (lengde 7:14) får vi eit innblikk i korleis influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som fattig.student, jobbar med marknadsføring via sosiale medium, og i arbeidet hennar med appen Sulten. Karen Elene Thorsen fortel om kvifor ho starta Instagram-kontoen "fattig.student", og på kva måte det å finne løysingar for å kaste mindre mat er godt for både miljøet og lommeboka. Vi møter henne også i samtale om strategi og prising av produkt med Nikolai Mathisen, head of business development i Anti Brandpeople.

Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

Film: Avkledd: Så motefrø

Veit du kva ein bolero er? Enkelt sagt er ein bolero ei kort jakke som endar under brystet. I episoden nedanfor av NRK-serien Avkledd (lengde 26:36) får Jenny Skavlan hjelp av fleire influensarar til å prøve å skape ein ny trend ved å relansere boleroen. Trur du dei lykkast?

Meir om influensarmarknadsføring

I ein relatert artikkel nedanfor kan du sjå NRK-dokumentaren Influenser. I dokumentaren undersøker NRK-programleiar Vilde Bratland Erikstad korleis influensarbransjen jobbar for å påverke deg. Du finn òg ein podkast om influensarmarknadsføring og ein NRK-dokumentar om lureproduktet "Shoestone".

Kjelder

Ebrahimi, A., Erikstad, V. B. & Kumano-Ensby, A. L. (2020, 19. september). Det påvirker­bransjen ikke viser deg. Henta frå: https://www.nrk.no/dokumentar/xl/det-pavirkerbransjen-ikke-viser-deg-1.15160391

Wikipedia. (2020, 21. mai). Influenser. Henta frå: https://no.wikipedia.org/wiki/Influenser

Relatert innhald

Dokumentaren Influenser

I dokumentaren "Influenser" undersøker NRK-programleiar Vilde Bratland Erikstad korleis influensarbransjen jobbar for å påverke deg.

Podkast om influensarmarknadsføring

Podkast-episode om influensarmarknadsføring, der vi blir kjende med ei verksemd som legg til rette for samarbeid mellom annonsørar og influensarar.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 23.02.2026