Marknadskommunikasjon i digitale kanalar - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Bokmål
Film og filmklipp

Marknadskommunikasjon i digitale kanalar

Kva er ei kundereise, og kva blir meint med at kundereisene no er meir digitale enn tidlegare? Filmen du skal få sjå, gir eit innblikk i korleis Torshov Sport bruker ulike typar marknadskommunikasjon, med vekt på digitale kanalar, og korleis ein ungdom blir påverka til å kjøpe eit par fotballsko.
Video: Cylinder Production AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0

Omgrepet kundereise viser til situasjonane der betalande kundar og potensielle kundar er i kontakt med ei merkevare før, under og etter eit kjøp, på tvers av kommunikasjonskanalar.

I filmen ovanfor fekk vi eit innblikk i korleis ei digital kundereise kan føregå, sett frå eit forbrukar- og marknadsføringsperspektiv. Vi blei gjorde kjende med korleis Torshov Sport nyttar ulike typar marknadskommunikasjon, med vekt på digitale kanalar, og korleis ein ungdom vart påverka til å kjøpe eit par fotballsko.

Dagens kundereiser er i større grad enn tidlegare blitt digitale. Det vil seie at vi som forbrukarar ofte gjennomfører heile eller store delar av kjøpa våre på nett. I dag har vi som kundar alltid informasjon tilgjengeleg digitalt. Vi kan til dømes finne viktig informasjon digitalt før vi handlar i fysiske butikkar.

Tenk over

Tenk gjennom ei av dei nylege kundereisene dine der du har vore i kontakt med ei merkevare før, under og etter eit kjøp, på tvers av kommunikasjonskanalar. Kan den nylege kundereisa di beskrivast som ei digital kundereise, synest du?