Etos, logos og patos i reklamefilm - Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Etos, logos og patos i reklamefilm

Sjå først denne reklamefilmen frå iskremfabrikken Hennig-Olsen Is. Etterpå skal du analysere korleis filmen nyttar dei retoriske appellformene etos, logos og patos.
Video: Hennig Olsen / Avgrensa bruksrett

Oppgåver

1. Korleis blir bilete, forteljarstemme, klipp, fargar, lydar, musikk og andre verkemiddel nytta

  • for å skape truverd?
  • for å gi informasjon?
  • for å appellere til publikum sine kjensler ?

2. Kva for retorisk appellform er mest dominerande i reklamefilmen?

3. Kva for inntrykk får du av Hennig-Olsen is etter å ha sett filmen?

4. Gjer ein enkel retorisk analyse av ein annan reklamefilm. Leit på nett etter andre reklamefilmar. Vis filmen i klassen, og forklar bruken av etos, logos og patos. Er dei andre i klassen einige i vurderinga di? Bruk gjerne tid på å diskutere retorikken.

5. Planlegg ein reklamefilm for eit par joggesko.

  • Kva for appellform vil du leggje mest vekt på?
  • Kva for verkemiddel vil du nytte for å oppnå effekten du ønskjer?
Skrive av Tina Andersson Jensen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 28.02.2020