Start og stopp av trefasa asynkronmotor frå to stader (STI 4)
I dette arbeidsoppdraget skal du starte og stoppe ein trefasa asynkronmotor frå to stader ved hjelp av brytarar og kontaktorar.
Kontaktorar med hjelpeblokker.
Her skal du få eit innblikk i korleis vi kan starte ein trefasa asynkronmotor frå to stader ved hjelp av brytarar og kontaktorar.
Denne installasjonen kunne vore brukt til å starte og stoppe eit transportband eller til å køyre ein stolheis frå to stader i ein skibakke.
Arbeidsoppdrag
I dette arbeidsoppdraget skal du installere ei enkel start- og stoppløysing i ein trefasa 230 V asynkronmotor. Ved hjelp av brytarar og kontaktorar skal det vere mogleg å starte og stoppe motoren frå to stader.
Planlegging
Dette er dokumentasjon som skal vurderast og leverast til lærar:
Start
hovudstraum (start med ein kladd)
styrestraum (start med ein kladd)
arrangementsteikning
funksjonsbeskriving
rekkjeklemmetabell
Gjennomføring
montere opp utstyret
kople opp hovudstraum og styrestraum
teste ut og setje i drift utstyret saman med lærar
dokumentere, vurdere og kontrollere arbeidet ditt
Verktøy du kan få bruk for
avbitartong
kabeltong
nitetong/endehylsetong
fleire typar skrujern
multimeter
straumtong
Døme på skjema over hovudstraum og styrestraum for start og stopp frå to stader