Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida) - Basiskonfigurasjon av UniFi-kontroller - Driftsstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida)

Rettleiing

Basiskonfigurasjon av UniFi-kontrollar

UniFi-kontrollaren brukar vi for å styre UniFi-nettverksutstyr som ruter, svitsjar og aksesspunkt. Kontrollaren har ein innleiande konfigurasjonsrettleiar som hjelper oss med å setje opp viktige innstillingar for nettverket.

Denne rettleiinga er rekna for bruk med nettverksutstyr av typen Ubiquiti UniFi. Som minimum må nettverket bruke ein UniFi-ruter (til dømes UniFi USG) og må ha ein UniFi-kontrollar i lokalnettverket).

Rettleiing for basisoppsett

1. Opne det web-baserte brukargrensesnittet til kontrollaren

For å konfigurere UniFi-nettverkskontrollaren bruker vi ein nettlesar (helst Google Chrome). Bruk IP-adressa til maskina som kontrollaren er installert på, og port 8443. Det er òg viktig at du bruker https.

https://IP-adresse:8443

Første gong du koplar til kontrollaren, vil du få ei åtvaring fordi kontrollaren bruker sjølvunderteikna sikkerheitssertifikat. Sidan du har sett opp kontrollaren sjølv, veit du at det er trygt. Vel «Advanced» under åtvaringa, og trykk på teksten som startar med «Proceed to …».

2. Bestem kontrollearnamn

Ved første oppstart vil kontrollaren opne ein konfigurasjonsrettleiar. I det første steget skal du setje eit namn på kontrollaren. Vel eit namn og godta lisensvilkåra. Trykk «Next» for å gå vidare.

3. Lag ein lokal administratorbrukar

Ubiquiti, produsenten av UniFi-nettverksutstyr, har sett opp eit sentralt system for pålogging og fjernstyring av UniFi-system. Dette er praktisk for å fjerndrifte mindre nettverk.

I eit testoppsett på skulen tilrår vi at du heller bruker rein lokal administrering av nettverkskontrollaren. Det gjer du ved å trykkje på knappen «Switch to Advanced Setup».

Vindauget skiftar no til avansert modus. Her må du deaktivere «Enable Remote Access» og «Use your Ubiquiti account for local access».

Du får no opp nokre felt der du set opp brukarnamn, passord og e-postadresse.

Vel eit brukarnamn og eit passord du ikkje bruker andre stader.

Når du er ferdig, trykkjer du på «Next».

På dedikerte Ubiquiti-kontrollarar som Cloud Key Gen 2 og Dream Machine må du logge på med skybasert pålogging.

4. Juster kontrollar-åtferd

På neste side får du spørsmål om du ønskjer automatisk optimalisering av nettverket og automatisk sikkerheitskopiering av kontrollarinnstillingar. For ein testlab tilrår vi at du skrur av automatisk optimalisering.

Trykk «Next» for å gå vidare.

5. Høve for å leggje til nettverks-einingar

På neste side får du opp UniFi-nettverkseiningar som kan adopterast inn i nettverkskontrollaren.

Vi anbefaler å hoppe over dette i denne omgang.

Trykk «Next» for å gå vidare.

6. Høve for å setje opp wifi-innstillingar

Sjølv om det ikkje er kopla til eit aksesspunkt i nettverket, vil UniFi gi deg høve til å basis-konfigurere eit framtidig trådlaust nettverk. Vi tilrår at du hoppar over dette ved å trykkje «Skip».

7. Konfigurer land og tidssone

På den siste sida av rettleiaren ser du namnet på kontrollaren og det lokale administratorbrukarnamnet (som du valde tidlegare). Sjekk at desse er riktige.

Under er det nokre felt for å velje land og tidssone. Ulike land har ulike lovverk når det gjeld trådlause nettverk. Dette omfattar mellom anna sendestyrke og tilgjengelege radiokanalar. Det er derfor viktig at du fyller inn riktig land.

Trykk på «Finish» når du er klar. Konfigurasjon vil no bli gjennomført, og du blir flytta til hovudsida (dashboard) til kontrollaren.

UniFi-hovudsida (dashboard)

Eit sprettoppvindauge vil spørje deg om du ønskjer å dele statistikk og diagnostiseringsdata med Ubiquiti. For testnettverk tilrår vi at du vel «Don't Send».

Du vil no få opp eit bilete som det under, kanskje med omvend fargepalett (dette kan du justere med knappane ved sida av teksten «Theme» oppe til høgre).

I neste del går vi gjennom bruken av web-grensesnittet og korleis du legg til einingar til nettverkskontrolleren.

Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021