Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida) - Drivarar, oppdatere og aktivere Windows 10 - Driftsstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida)

Drivarar, oppdatere og aktivere Windows 10

CC BY-SA 4.0

Med Windows 10 installert er neste steg å sjekke drivarstatusen, og eventuelt leggje inn drivarar og få oppdatert operativsystemet. Framgangsmåten er veldig lik som med Windows Server.

Sjekke drivarstatus
Bruk den skjulte startmenyen (høgreklikk på startikonet i nedre venstre hjørne). Vel «Device Manager» («Einingshandsaming» om du har operativsystemet på nynorsk).

Det er spesielt viktig å sjekke at skjermkort og nettverkskort har passande drivarar. Om du manglar nettverks-/internettilgang, kan det vere at du må flytte drivarar til klientmaskina med ein USB-minnepenn. Drivarar er som oftast lette å finne på nettsidene til produsenten av maskinvara. Om du er usikker på om ei kjelde er trygg, bør du spørje læraren din.

Oppdatere operativsystemet

Oppdatering kan berre gjerast når maskina har fått internettilgang.

Venstreklikk på startikonet (nede til venstre på startlinja). Skriv inn «Check for updates» («Sjå etter oppdateringar» om du har operativsystemet på nynorsk). Opne verktøyet. Anten har maskina allereie søkt etter oppdateringar, eller så må du sjølv starte eit søk. Installer tilgjengelege oppdateringar.

Aktivere Windows

Om du har produktnøkkelen for Windows 10 tilgjengeleg, tilrår vi at du legg han inn. Bruk den skjulte startmenyen, og vel «System». Nede på sida som kjem opp, er det ei lenkje som tek deg til staden produktnøkkelen kan tastast inn.