Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida) - Installasjon av Hyper-V - Driftsstøtte (IM-ITK vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida)

Rettleiing

Installasjon av Hyper-V

I denne instruksjonen går vi gjennom installasjon av Hyper-V i Windows Server og justering av nettverksinnstillingar etter installasjonen.

Følg instruksjonane under for å installere rolla Hyper-VWindows Server.

1. Start rettleiaren for oppsett av ny rolle

Opne Server Manager (han er tilgjengeleg i startmenyen). Trykk på "Add roles and features".

Ein rettleiar med namn "Add Roles and Features Wizard" vil opne seg og vise ei startside med tips. Trykk på "Next" for å gå vidare.

2. Vel installasjonstype

På neste side kan du velje kva type installasjon som skal gjerast. Vel "Role-based or feature-based installation", og trykk på "Next".

3. Vel plassering

I driftsmiljø bruker ein ofte fleire Windows-serverar samtidig.

For å sleppe å kople oss til mange ulike serverar for installasjon og konfigurasjon kan vi legge serverane inn i ein felles "server-pool". Då kan dei fjernstyrast frå dei andre serverane.

I testoppsett der det berre er éin fysisk server, er det berre mogleg å installere på den lokale serveren. Trykk på "Next" for å gå vidare.

Det kan ta nokre sekund eller eit par minutt før den neste sida blir lasta inn.

4. Vel kva roller som skal installerast

Windows Server har mange innebygde tenester (roller) som kan aktiverast. Når lista er lasta inn, kryssar du av i boksen ved sida av rolla "Hyper-V". Trykk på "Next" for å gå vidare.

5. Vel eventuelle ekstra funksjonar som skal installerast

På neste side, "Select features", ser du ei ny liste med funksjonar som kan installerast. Dette er for det meste funksjonar som andre roller kan ha nytte av. I vårt tilfelle treng vi ingen av dei. Trykk på "Next" for å gå vidare.

No vil du få opp ei informasjonsside for Hyper-V. Trykk på "Next" for å gå vidare.

6. Val av fysisk nettverkskort som skal brukast til virtuell svitsj

For at virtuelle maskiner og vertsoperativsystemet skal ha tilgang til internett, må vi setje opp ein virtuell svitsj. Om han skal nå ut på lokalnettverket og internett, bør han knytast til eit fysisk nettverkskort.

Hak av ved nettverkskortet du ønsker å kople til den virtuelle svitsjen, og trykk på "Next".

7. Vel eventuell migrasjon av virtuelle maskiner og standard plassering av virtuelle maskiner

Ein stor fordel med virtuelle datamaskiner er at dei ikkje er bundne til maskinvara dei blir installerte på. Dei kan flyttast mellom fysiske serverar etter behov (migration). Dette kan òg gjerast mens den virtuelle maskina er slått på og leverer tenester (live migration).

I testoppsettet er det berre éin server, så det er ikkje nødvendig å aktivere støtte for dette. Trykk på "Next" for å gå vidare.

På neste side, "Default Stores", kan du velje standard plassering av virtuelle maskiner og konfigurasjonen deira. Her er det tilrådd å lage ei eiga mappe på lagringspartisjonen som vart sett opp tidlegare (ikkje på C:-partisjonen). Bruk knappen "Browse …" ved sida av kvart felt for å velje plassering.

Trykk på "Next" når du har justert plasseringane.

8. Gjennomfør installasjonen

Sjå gjennom lista over komponentar og tenester som vil bli installerte.

Sidan serveren ikkje er i eit driftsmiljø, kan du trygt krysse av i feltet "Restart the destination servar automatically if required". Då vil maskina starte på nytt om det er nødvendig for at tenesta skal kunne bli installert og starte opp.

Trykk på "Install" når du er klar for å starte sjølve installasjonen av Hyper-V.

Du vil no bli flytta til ei informasjonsside som viser installasjonen. Installasjonen kan fort ta tre til ti minutt inkludert omstart. Når installasjonen er ferdig, kan du trykke på "Close".

9. Sjekk statusen til Hyper-V

Når du er tilbake i Server Manger, skal "Hyper-V" komme opp som eit val i menyen til venstre. Trykk på han for å få opp informasjon om status for tenesta.

Sjølve oppsettet av virtuelle maskiner finn du i Hyper-V Manager, som er eit eige program. Du finn det i Tools-menyen i toppen av Server Manager-vindauget.

Bruken av Hyper-V Manager går vi gjennom i ei anna rettleiing.

10. Juster nettverksinnstillingar etter å ha installert Hyper-V

Før vi installerte Hyper-V, var det operativsystemet på vertsmaskina (Windows Server) som styrte det fysiske nettverkskortet til maskina direkte. Etter installasjonen har Hyper-V-hypervisoren teke over dette og sett inn eit virtuelt nettverkskort. Operativsystemet til vertsmaskina må bruke dette virtuelle nettverkskortet for å få tilgang til den virtuelle svitsjen og lokalnettverket på utsida av det fysiske nettverkskortet.

Hyper-V-hypervisoren har sett opp eit virtuelt nettverk som på biletet under.

For å sjå nettverkskorta kan du bruke den alternative startmenyen (høgreklikk med musepeikaren over Windows-flagget på oppgåvelinja). Vel "Network Connections". Trykk på "Change adapter options" i vindauget som kjem opp.

Under viser vi nettverkskorta som er tilgjengelege for operativsystemet i vertsmaskina før og etter installasjonen av Hyper-V. Dra i slideren for å sjå skilnaden.

Setje opp statisk IP-adresse på virtuelt nettverkskort

Finn lista over nettverkskort. Dobbeltklikk på det virtuelle nettverkskortet. No får du opp eit vindauge som liknar biletet til høgre.

Bla i lista over protokollar som nettverkskortet bruker, og finn "Internet Protocol Version 4 (TCP/IPv4)". Dobbeltklikk på han.

Du vil no få opp eit vindauge der du kan setje opp ei statisk IP-adresse. Legg inn IP-adresse og konfigurasjon på same måte som du gjorde tidlegare.

Dobbeltsjekk adressene du legg inn.

Trykk på "OK" for å lagre endringane. Du kjem no tilbake til vindauget "Ethernet Properties". Du må trykke på "OK" her òg, elles blir ikkje dei nye innstillingane tekne i bruk.

Du blir no send tilbake til vindauget "Ethernet Status". Her kan du trykke på "Details …" for å sjå om den nye konfigurasjonen er teken i bruk.

Det er òg lurt å sjekke at serveren har internett, ved å besøke ei vilkårleg nettside.


Obs!

Du bør ikkje gjere endringar på det fysiske nettverkskortet etter at du har installert Hyper-V.

IP-adressa til vertsmaskinoperativsystemet skal regulerast frå det nye virtuelle nettverkskortet.


Skrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023