Hopp til innhald
Veiledning

Kvardagen til ein offshorearbeidar

Kva skjer eigentleg offshore? Bli med og utforsk ei av plattformene på norsk sokkel, og møt nokre av arbeidarane.

Oppgåve

Start med ein virtuell rundtur på Sleipner og samle inn informasjon om kva som finst på plattforma, kven som jobbar der og kva dei gjer.

Jobb så saman i grupper. Fordel ulike oppgåver og roller mellom gruppemedlemmane (kranførar, mekanikar, materialkoordinator, plattformsjef osb.), og sjå for dykk kvar desse personane jobbar (på båt, plattform X, plattform Y osb.).

  1. Kva må dei ulike fagfolka som arbeider på plattforma, kommunisere om?

  2. Korleis kan de kommunisere med båt, forsyningar, land osb.? Og korleis kan de kommunisere med dei som er på same del av plattforma som de sjølve?

  3. Ser de nokre sikkerheitsutfordringar?
  4. Kva slags dokumentasjon ser de som nødvendig, og kvifor?