Faguttrykk: kjøttbransjen - Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppslagsverk og ordliste

Faguttrykk: kjøttbransjen

Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som blir brukte i kjøttbransjen.

B

bagge
å binde endetarmen for å hindre at tarmbakteriar blir overførte til kjøttet under slakteprosessen
blande
å tilsetje dei ingrediensane som skal til for å produsere eit produkt

D

DFD-kjøtt
"Dark, Firm, Dry" – mørkt, fast, tørt kjøtt. Kvalitetsforandring etter at dyret er avliva.

E

elektrisk stimulering
bruke av straum for å modne kjøttet fortare

F

finskjering
vidare utskjering til spesielle produkt
flå
å fjerne hud/skinn på dyret

G

grovdeling
nedskjering til lår, bog, side og rygg

K

kaldrøyke
å røyke råvarer ved låg temperatur: spekepølser – laks
kondisjonere
å førebu kjøttet på kjøling gjennom gradvis kjøling
kuldeseigheit
kjøtt som har fått ei for brå nedkjøling

M

marmorering
naturleg feitt som ligg spreidd i kjøttet
mørning
modning av kjøtt. I dag blir mesteparten av det kjøttet som skal modnast, vakuumert for å hindre bakterievekst og svinn.

P

PSE-kjøtt
"Pale, Soft, Exudative" – bleikt, mjukt og vassent kjøtt. Kvalitetsforandring etter at dyret er avliva.

R

ribbe
å fjerne fjør frå fjørfe
rodde
å lukke matrøyret ved knyting/klips for å hindre at maten frå magesekken forureinar slaktet under vidare behandling

S

skålding
metode for å fjerne busta på grisen. Skåldetrommel: grisen blir send gjennom ein maskin der han blir skrapa for bust og svidd med gassflamme.
slice
å skjere i skiver
stikking
etter at dyret er bedøvd, må det så raskt som mogleg bli tappa for blod ved at halspulsåra blir skoren over
stoppe
å fylle farse i ein tarm, til dømes pølser
stresskjøtt
kjøtt frå dyr som har vorte stressa under slakting: PSE- eller DFD-kjøtt
ståle
å skjerpe kniven med knivstål

T

to-knivsmetoden
metode som blir nytta til slakting for å hindre spreiinga av bakteriar. Slaktaren byter kniv mellom ulike arbeidsoppgåver på slaktet. Knivane blir steriliserte.

U

samanhengande kjølekjede
kontrollert kjøletemperatur ved transport

V

vikling
oppbinding av pølser med hyssing eller klips
Skrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022