Oppgåve
Film
Bakarspråket
Filmen under (lengde 9.50) handlar om ulike arbeidsmetodar knytte til baking. Metodane blir demonstrerte og forklarte med tydeleg bruk av omgrep.
Film: Bakerens eget språk
Bakarspråket. Film: Snöball Film AS / CC BY-NC-ND 4.0
Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.
Omgrep
- utmalingsgrad
- elte
- liggetid
- emne
- oppslag
- raske
- stryke
- snitte
- herteomn
Spørsmål
- Kva meiner vi med utmalingsgrad?
- I filmen blir sikta kveitemjøl nemnt. Prøv å finne ut kva sikta mjøl er for noko.
- Kva skjer under elteprosessen?
- Kva konsekvensar har det for elteprosessen om du bruker fint eller grovt mjøl?
- Korleis kan du sjekke konsistensen på deigen?
- Kva skjer under liggjetida?
- Kva er forskjellen på emne og oppslag?
- Kvifor er det viktig at emna blir vegne?
- Forklar omgrepet raske.
- Kva ingrediensar påverkar hevinga?
- Kvifor er det best å bruke rugmjøl dersom ein skal strø mjøl over brødet før steiking?
- Kvifor blir bakst snitta før steiking?
- Kva blir ein herteomn til?
- Varme bakevarer blir pakka i papir. Kvifor?