Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Transport gjennom cellemembranen

Utforsk korleis stoff beveger seg inn og ut av cella, ved hjelp av ei simulering. Du skal finne ut korleis dei ulike typane transport fungerer, og samanlikne dei.

Enkel diffusjon

I den første delen av simuleringa skal du få erfaring med korleis enkelte molekyl kan passere direkte gjennom cellemembranen.

Utforsk

Opne simuleringa "Enkel diffusjon". Vel stoffa O2, CO2, Na+ og glukose, og bruk pilknappane for å legge til stoff utanfor eller inni cella. Observer korleis stoffa beveger seg.

  1. Kva legg du merke til når det gjeld rørsla til O2 og CO2 samanlikna med Na+ og glukose?

  2. Kva seier dette om kva eigenskapar som påverkar transport? (hint: storleik, ladning)

  3. Kva retning beveger stoffa seg i?

  4. Kva skjer med konsentrasjonen av stoffa på kvar side av cellemembranen etter ei stund?

Forklar

  1. Korleis blir retninga påverka på transporten når konsentrasjonen utanfor cella aukar?

  2. Kva skjer når konsentrasjonen er lik på begge sider?

  3. Trengst det energi for å gjennomføre denne transporten? Korleis veit du det?

Eigenskapar ved stoffa og membranen

  1. Sjå på cellemembranen i simuleringa. Kva består han av? Kva eigenskapar har desse bestanddelane?

  2. Teikn eller forklar kvifor cellemembranen gjer at berre visse stoff slepp gjennom.

Oppsummer

Bruk simuleringa og det du har observert, til å lage ei kort forklaring på kva enkel diffusjon er. Få med kva type stoff dette gjeld, og når og korleis det går føre seg. Lag gjerne ei enkel skisse.

Oppsummering enkel diffusjon

  • Skjer gjennom fosfolipidlaget.

  • Berre små, upolare og feittløyselege molekyl kan diffundere slik.

  • Store eller polare stoff kjem ikkje gjennom cellemembranen på denne måten.

  • Ved diffusjon beveger stoff seg frå høg til låg konsentrasjon, med konsentrasjonsgradienten.

  • Transporten skjer utan forbruk av energi.

Fasilitert diffusjon

I denne delen av simuleringa skal du få erfaring med at nokre stoff treng hjelp av transportprotein for å kunne passere gjennom cellemembranen utan at det krevst energi.

Utforsk

  1. Opne simuleringa "Fasilitert diffusjon". Vel stoffa O2, Na+, K+ og glukose, og bruk pilknappane for å legge til stoff utanfor eller inni cella. Observer korleis dei beveger seg inn og ut av cella.

  2. Kva stoff beveger seg fritt gjennom membranen?

  3. Kva stoff ser ut til å trenge kanalar for å kunne passere gjennom membranen?

  4. Kva eigenskapar har stoffa som ikkje kan gå fritt gjennom membranen? (hint: storleik, ladning)

Forklar

Trekk nokre kanalar bort til cellemembranen. Prøv å få Na+, K+ og glukose til å bevege seg gjennom cellemembranen.

  1. Kva skjer når du bruker ulike typar kanalar?

  2. Korleis påverkar kanalane stofftransporten?

  3. Korleis skil dette seg frå enkel diffusjon?

  4. Kva trur du omgrepet "fasilitert diffusjon" betyr?

Forandre variablar

Forandre konsentrasjonen av glukose eller ion utanfor cella, og observer kva som skjer.

  1. Korleis påverkar endringa transportretninga?

  2. Korleis veit du at prosessen ikkje krev energi?

  3. Kva skjer om konsentrasjonen av eit stoff er lik på begge sider av cellemembranen?

Samanfatt

Bruk eigne ord og forklar forskjellen på enkel og fasilitert diffusjon. Teikn ein enkel figur eller vis til simuleringa i forklaringa di.

Oppsummering fasilitert diffusjon

  • Skjer gjennom kanalar.

  • Skjer utan bruk av energi.

  • Transporten skjer med konsentrasjonsgradienten.

Aktiv transport

No skal du få erfaring med korleis stoff som verken kan bruke enkel eller fasilitert diffusjon, kan komme seg inn og ut av cella.

Utforsk

  1. Opne simuleringa "Aktiv transport". Plasser like mengder Na+ og K+ både inni og utanfor cella. Observer og beskriv kva som skjer.

  2. Trekk Na+-/K+-pumpa til cellemembranen. Beskriv kva som skjer.

  3. Går Na+-/K+-pumpa av seg sjølv? Kva må du gjere for å få ho til å transportere ion?

  4. Kva ser ut til å vere forskjellen på transporten her og den du såg i enkel og fasilitert diffusjon?

Forklar

  1. Kva betyr det at eit stoff beveger seg mot konsentrasjonsgradienten?

  2. Kvifor treng cella energi (ATP) for å få til dette?

  3. Kva er forskjellen på aktiv og passiv transport?

  4. Forklar med eigne ord korleis Na+-/K+-pumpa verkar. Teikn ei enkel skisse.

Samanfatt

Lag ei oversikt der du samanliknar enkel diffusjon, fasilitert diffusjon og aktiv transport med tanke på

  • energi

  • døme

  • retning i forhold til konsentrasjonsgradienten

Enkel diffusjon, fasilitert diffusjon og aktiv transport

Eigenskapar til ulike typar transport

Transporttype

Energi

Døme

Retning

enkel diffusjonneiO2, CO2med konsentrasjonsgradienten
fasilitert diffusjonneiion, glukosemed konsentrasjonsgradienten
aktiv transportjaNa+-/K+-pumpamot konsentrasjonsgradienten

Jobb vidare

Celle i tynntarmen

Tenk deg at du er ei celle i tynntarmen som kan ta opp næring og skilje ut avfall. Lag ei skisse av cellemembranen og forklar kva mekanismar du bruker for å transportere

  • O2

  • K+

  • glukose

  • avfallsstoff

Glukoseutfordring

Glukose må inn i cella for å kunne bli brukt som energi i celleanding.

  • Opne simuleringa "Testområde".

  • Lag ein situasjon der glukose blir transportert inn i cella. Beskriv kva som skjer. Kva skjer viss du let prosessen gå utan at du gjer noko?

  • Forsøk å gjere endringar slik at transporten av glukose ikkje stoppar opp. Beskriv kva du gjer for å få det til.

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 05.01.2026