Aktiv transport ved endo- og eksocytose - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Aktiv transport ved endo- og eksocytose

Store molekyl eller partiklar som verken kan passere direkte gjennom cellemembranen eller bruke transportprotein, blir frakta inn og ut av cella i vesiklar. Det blir kalla endocytose når dette skjer ved opptak, og eksocytose ved utskiljing. Vesikkeltransport krev energi i form av ATP.

Vesikkeltransport

Eksocytose og endocytose er spesielle former for aktiv transport. Store molekyl eller partiklar blir frakta over cellemembranen ved at små membranblærer (vesiklar) blir snørte av eller smeltar saman med membranen.

  • endocytose – transport inn i cella

  • eksocytose – transport ut av cella

Dette er ein energikrevjande transportmekanisme som krev bruk av . Kvar gong ein vesikkel smeltar saman med cellemembranen ved eksocytose, blir det tilført nye fosfolipid til membranen, i motsetning til endocytose der delar av cellemembranen blir fjerna.

Endocytose – transport inn i cella

Celler kan ta opp større molekyl som protein og karbohydrat frå utsida av cella, og frakte dei inn i ho ved hjelp av endocytose. Cellemembranen dannar då ei innbukting som etter kvart omgir molekyla. Innbuktinga blir lukka og snørt av slik at det blir danna ein vesikkel på innsida av cellemembranen. Slike innvendige vesiklar blir kalla endosom og fungerer gjerne som lagringsorganellar for ulike makromolekyl, eller som transportorganell gjennom eit cellelag.

For å bryte ned innhaldet smeltar vesikkelen saman med lysosom, organellar som inneheld ulike nedbrytingsenzym. Vesikkelen vil etter kvart vandre tilbake og smelte saman med cellemembranen igjen.

Endocytose kan delast inn i tre ulike typar:

  • Fagocytose: For å ta opp større partiklar dannar cellemembranen små utvekstar, pseudopodium, på kvar side av partikkelen slik at han blir fanga. Eincella dyr som amøbar tek opp næringspartiklar ved fagocytose. Fleircella organismar har eigne celler kalla fagocyttar som kan ta opp mikroorganismar, slitne eller infiserte celler eller organellar på denne måten. Fagocytose blir derfor ofte kalla "celleeting".
  • Pinocytose er opptak av molekyl som er løyste i væske. Små væskedropar blir omgitte av cellemembranen, snørte av og ført inn i cella.
  • Reseptorutløyst endocytose er opptak av spesifikke molekyl som gjerne er involverte i cellekommunikasjon. Molekyla som skal takast opp i cella, bind seg til ein reseptor på utsida av cellemembranen og signaliserer at cellemembranen skal danne innbuktingar som blir snørte av til vesiklar.

Eksocytose – transport ut av cella

Eksocytose er det motsette av endocytose. Store molekyl og partiklar som skal skiljast ut av cella, blir omgitte av ein membran slik at dei dannar ein vesikkel. Vesikkelen bevegar seg mot cellemembranen og smeltar saman med denne slik at innhaldet blir tømt på utsida av cella.

Video: Amendor / CC BY-SA 4.0

Ferdiglaga membranprotein frå endoplasmatisk retikulum blir pakka inn i vesiklar og transporterte til cellemembranen. Her blir dei plasserte på riktig stad ved at vesikkelmembranen smeltar saman med cellemembranen. Eksocytose er viktig ved cellevekst fordi det aukar storleiken på cellemembranen.

Nerveceller og hormonceller, som er ein sentral del av kommunikasjonssystemet til ein organisme, er celler som inneheld svært mange vesiklar. Her lagrar cellene signalmolekyl inntil dei får beskjed om å skilje ut innhaldet ved eksocytose.

Relatert innhald

Fagstoff
Transport gjennom cellemembranen

For å kunne halde oppe eit stabilt indre miljø må cellene kontrollere og regulere all transport inn og ut. Her er cellemembranen heilt sentral.

Skrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021