Miljøendringar - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Miljøendringar

Økosystema er i stadig endring. Nokre endringar er plutselege, som skogbrann, hogst og skred, og dei kan forandre eit økosystem i løpet av kort tid. Andre endringar skjer langsamt, til dømes fordi bølgjer slår mot steinane i fjøra, eller planterøter bryt opp berggrunnen.

Plutselege endringar – katastrofe og moglegheit

Plutselege endringar kan forandre eit økosystem "over natta". Vi kan sjå på slike endringar som katastrofar: Endringane skjer så raskt at organismane i området ikkje har moglegheit til å tilpasse seg til dei nye forholda. Samtidig kan dette gi rom for andre organismar.

Skogbrann

I naturen er det kamp om plassen. Etter ein skogbrann vil område bli opna for andre artar som er betre tilpassa enn dei som var der frå før, noko som fører til . Dei særeigne leveforholda på brannflatene skaper tilhaldsstad for fleire sjeldne og trua artar. Nokre av dei er heilt avhengige av at skogen brenn.

Hogst

Når skogen blir hogd, blir miljøfaktorane endra, og det blir plass til andre artar enn dei som fanst der før hogsten. Dette er ikkje ulikt situasjonen etter ein skogbrann. Vi kan sjå på hogst som ein biotisk faktor som endrar dei abiotiske forholda, som i sin tur gir plass, sollys og næring til nye samfunn av plantar og dyr.

Beiting

Dyr som beiter, kan forme og endre landskapet i betydeleg grad. I område der husdyr har beitt i utmarka, kan vi lett observere kva som skjer når det blir slutt på beitinga: Det som tidlegare var opne område, gror att og blir til slutt skog.

Skred/ras

Skred eller ras oppstår når stein, jord eller snø beveger seg nedover ein bakke eller ei skråning. Viss bakken er veldig bratt, aukar risikoen for skred.

Endringar over tid

Nokre endringsprosessar går føre seg kontinuerleg over lang tid. Prosessar som forvitring og erosjon følgjer ikkje nokon bestemt rytme – i motsetnad til årstidsvariasjonar og flo og fjøre, som følgjer bestemte syklusar.

Forvitring – næringsstoff blir frigitte langsamt

Forvitring skjer når berggrunnen smuldrar opp, utan at materialet blir transportert til ein annan stad. Forvitring bidreg til at næringsstoff blir frigitte, slik at dei blir tilgjengelege for plantane.

  • Mekanisk forvitring kan skje når djupe tre- og planterøter bryt opp fjell. Denne prosessen er eit døme på at biotiske faktorar påverkar dei abiotiske: Planterøter bidreg til oppsmuldring av berggrunnen og dermed til at næringsstoff lettare blir frigjorde. Mekanisk forvitring kan òg skje på grunn av temperatursvingingar og vatn som trengjer inn i sprekkar.

  • Kjemisk forvitring skjer når berggrunnen blir broten ned ved kjemiske prosessar, til dømes når mineral blir løyste opp av surt vatn.

Erosjon – lausmassar blir frakta vekk

Erosjon vil seie at vind, elver og havstraumar gneg laus berggrunn og lausmassar og transporterer desse til ein annan stad.

Klimaendringar

Klimaendringane som skjer i dag, vil gi høgare temperaturar, meir nedbør og surare hav. Dette får konsekvensar, for plantar og dyr stiller bestemte krav til områda dei lever i. Kor store konsekvensane blir, avheng av kor store klimaendringane blir, og i kva grad artane klarer å tilpasse seg.

Sykliske endringar

Skiftet mellom årstider, dag og natt og flo og fjøre er føreseieleg og følgjer ein bestemt syklus. Artane har tilpassa seg til desse endringane gjennom evolusjon, og derfor forstyrrar ikkje endringane organismane.

I felt

  • Når de er på feltarbeid, kan observasjonar av miljøendringar vere med i ei innleiande beskriving av ekskursjonsområdet. Viss eit område er utsett for skogbrann, hogst eller ras, vil dette ha stor innverknad på kva de har moglegheit til å observere av både organismar og fysiske forhold.

  • Undersøk ulike artar si tilpassing til ulike sykliske endringar.

  • Korleis kan artane bli påverka av klimaendringar i området de undersøkjer? Kva artar er mest sårbare? Finst det moglegheiter for å sleppe unna klimaendringane?

  • Kjennskap til tidlegare hendingar kan vere verdifull informasjon når de skal forklare utbreiinga av og tilpassingane hos plantar og dyr.

Relatert innhald

Fagstoff
Livet etter ein skogbrann

I 2008 førte den største skogbrannen i Noreg på 150 år til store øydeleggingar, men brannen skapte også grunnlag for nytt liv.

Fagstoff
Feltarbeid i fjøra

I dette emnet finn du forslag til oppgåver som passar når du skal på feltarbeid i fjøra.

Skrive av Thomas Bedin og Einar Gjærevoll.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021