Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video

Jobb med filmen Spaceship Earth

I filmen Spaceship Earth følger vi åtte personar som seier farvel til verda utanfor og let seg stenge inne i eit gigantisk terrarium i to år. Der må dei dyrke all maten sin sjølv, heilt utan tilførsel av næringsstoff, vatn eller oksygen utanfrå.

Før de ser filmen: Tenk – skriv – del

Tenk gjennom desse spørsmåla kvar for dykk, skriv ned svara, og del dei deretter med kvarandre:

  1. Kva betyr det at jorda er eit romskip (spaceship)?

  2. Kva trur du menneske er heilt avhengige av for å overleve på jorda?

  3. Kva trur du blei dei største utfordringane for dei som deltok i dette eksperimentet?

  4. Tenk deg at du fekk tilbod om å vere med. Kva ville du svart? Grunngi svaret ditt.

  5. Trur du dei klarer å gjennomføre eksperimentet slik dei hadde planlagt? Grunngi kvifor eller kvifor ikkje.

Sjå filmen

Mens du ser filmen (lengde 01:50:10), kan du notere stikkord knytte til desse punkta:

  • døme på menneskeleg påverknad

  • dei største utfordringane i prosjektet

  • hendingar og døme i filmen som kan knytast til stoffkrinsløp

Etter at de har sett filmen

Samtale i klassen

Diskuter desse spørsmåla i fellesskap:

  1. Kva er hovudbodskapen i filmen?

  2. Kva system på jorda blir framstilte som livsviktige?

  3. Kva for nokre av desse systema kjenner vi igjen frå biologi og naturfag?

Jobb vidare

Desse oppgåvene kan du gjere munnleg og/eller skriftleg, åleine eller saman med andre.

  1. Vel deg eitt stoffkrinsløp. Forklar korleis filmen viser kvifor dette krinsløpet er nødvendig for liv på jorda.

  2. Filmen viser jorda som eit lukka system. Forklar korleis menneskeleg aktivitet kan

    1. forstyrre eit stoffkrinsløp

    2. få konsekvensar for heile "romskipet"

  3. Førestill deg at heile Biosphere 2 blir flytta til til dømes Mars eller til månen.

    1. Korleis vil miljøforholda utanfor Biosphere 2 vere samanlikna med på jorda?
    2. Kva endringar eller tilpassingar må gjerast for at Biosphere 2 skal fungere der?
    3. Kva trur du vil vere den største utfordringa, og kvifor?

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist oppdatert 26.06.2026