Oppgave
Jobb med filmen The Biggest Little Farm
John og Molly flyttar frå storbyen til ein nedlagd gard for å begynne eit nytt liv som bønder. Jorda er utarma og livlaus, og dei kan ingenting om jordbruk. Kan dei klare å gjere jorda fruktbar igjen ved å drive garden i pakt med naturen?
- John og Molly bestemmer seg for å drive garden "i pakt med naturen". Kva trur de dei meiner med det?
- Dei har inga erfaring med jordbruk frå før. Kva utfordringar trur de dei kjem til å møte undervegs?
- Trur de dei kjem til å lykkast med prosjektet? Forklar kvifor / kvifor ikkje.
- Korleis er tilstanden på garden når dei kjem dit for første gong?
- Kva er det første dei må gå i gang med? Korleis gjer dei det?
- Korleis vil de beskrive jordbruket som blir drive i området der garden ligg?
- På kva måte prøver John og Molly å etterlikne naturlege økosystem i drifta av garden? Gi døme.
- Dei har store problem med skadedyr. Korleis prøver dei å løyse desse problema? Korleis ville de gått fram for å avgrense problema? Peik på fordelar og ulemper ved å løyse det slik John og Molly gjer.
- John og Molly hevdar at skadedyra er naudsynte for å halde oppe balansen i økosystemet på garden. Kva meiner dei med det? Kva synest de om denne påstanden?
- Kva døme på samspel mellom organismar ser vi døme på i filmen?
- Kan de finne tilsvarande døme på samspel på eit gardsbruk i Noreg? Gi døme.
- Lag ein modell som viser samspelet mellom ulike organismar og ikkje-levande faktorar på garden og i området rundt.
- Ta bort éin av faktorane i modellen dykkar. Korleis vil dette påverke dei andre faktorane? Er det nokon faktorar som ikkje blir påverka? Kommenter.
- Finn ut kva som kjenneteiknar agroøkologisk jordbruk og økologisk jordbruk. Kva likskapar og forskjellar er det mellom desse to metodane? Ut frå det du ser i filmen, kva type jordbruk driv John og Molly? Forklar.
- I tillegg til at filmen handlar om gardsdrift, kan vi seie at han òg handlar om klimaendringar. På kva måte?
- Diskuter: Viss denne måten å drive ein gard på er så bra, kvifor er det ikkje endå fleire som gjer det?
- Kunne de tenkt dykk å gjere noko liknande som John og Molly? Forklar kvifor / kvifor ikkje.