Jord og jordsmonn - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Jord og jordsmonn

Jord er alt lausmateriale som ligg over fast fjell. Jorda gir feste til planterøtene, og innhaldet av vatn og næring har saman med pH stor betydning for veksten og utviklinga til plantane. Jorda er dessutan leveområdet til mange bakteriar og virvellause dyr.
Film om jord. Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

Jord – lausmateriale over fast fjell

Jord er alt lausmateriale av uorganisk og organisk opphav over fast fjell. Holromma (porene) mellom dei faste partiklane er fylte med jordluft (luft med mindre oksygen enn vanleg luft) og vatn. Lausmaterialet kan delast inn i jordartar og jordsmonn.

Jordartar – store og små partiklar

Når vi skal beskrive ein jordart, tek vi utgangspunkt i storleiken på partiklane jorda består av. Dei største partiklane er blokk og stein. Dei minste partiklane er grus, sand, silt og leire. I tillegg kan vi ta utgangspunkt i kjemisk samansetjing, korleis jordartane har oppstått, og kva dei har blitt danna frå.

Etter at jordartane blei danna, har faktorar som klima, topografi og levande organismar forma ulike typar jordsmonn.

Jordsmonn

Jordsmonnet er det øvste laget av alt laust materiale over fast fjell (lausmassar). Det blir påverka av klima og levande organismar. Desse prosessane gjer at jordsmonnet skil seg ut frå undergrunnsjorda, og påverkar jordsmonnet frå overflata og nedover. Jordsmonnet utviklar derfor gradvise variasjonar i samansetjing og farge nedover mot undergrunnsjorda.

Vatn i jorda

Vatn inngår i mange funksjonar hos plantar: transport, temperaturregulering og fotosyntese (hos dei grøne plantane). Plantane regulerer temperaturen ved å skilje ut væske (transpirasjon) gjennom spalteopningar.

Vatn er òg viktig for å halde trykket i cellene oppe, slik at planten kan bevare forma si. Næringsstoffa i jorda er løyste i vatn, så vatn er òg viktig som løysemiddel. Plantane får nesten alt vatnet dei treng, frå jorda gjennom røtene.

Næringsstoff

Plantane tek opp næringsstoff når vatn i jorda blir soge opp gjennom røtene.

Vi deler næringsstoffa inn i to grupper:

  • makronæringsstoff

  • mikronæringsstoff

Makronæringsstoff treng planten mykje av

Dei tre viktigaste makronæringsstoffa som det ofte kan vere for lite av i jorda, er nitrogen, fosfor og kalium. Andre viktige makronæringsstoff som plantane treng forholdsvis mykje av, er kalsium (Ca), magnesium (Mg) og svovel (S). Desse stoffa er det sjeldnare mangel på i jorda.

Mikronæringsstoff trengst i mindre mengder

Dette er stoff som plantane treng i svært små mengder, men som dei er heilt avhengige av. Det er sjeldan mangel på desse stoffa i jorda, men pH-verdien i jorda kan påverke evna plantane har til å ta opp stoffa. Døme på mikronæringsstoff er jern (Fe), kopar (Cu), mangan (Mn), bor (B), sink (Zn) og klorid (Cl-).

pH påverkar tilgjengelegheita av næringsstoff

Jord med låg pH har så høg konsentrasjon av aluminium-ion at røtene blir skadde. Låg pH påverkar òg tilgjengelegheita av næringsstoffa negativt.

Bakteriar, sopp og dyr frigir næringsstoff

Enkelte artar av bakteriar, sopp og dyr som bur i jorda, kan gjere næringsstoff tilgjengelege for plantane. Bakteriar som sit på rotknollane hos enkelte plantar, gjer nitrogen frå lufta om til nitrogensambindingar som plantane kan ta opp gjennom røtene. Denne prosessen blir kalla nitrogenfiksering.

Nokre typar sopp veks på planterøter og dannar sopprot (mykorrhiza). Soppen og planten deler på næringsstoffa. Ei rekkje smådyr et dødt organisk materiale og frigir næringsstoff på den måten.

I felt

Når de gjer feltarbeid, kan de ta jordprøver og

  • gjennomføre analysar av næringsstoff, pH, organisk materiale og vassinnhald

  • kartleggje organismane i jorda og finne døme på samspel

  • bestemme jordart

  • bestemme jordsmonntype (podsol, brunjord, sumpjord/myrjord)


Kjelder

Norsk institutt for bioøkonomi. (2016). Livet i jorda. Henta 26. april 2020 frå https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2379317/nibio_pop_2016_2_9.PDF?sequence=5&isAllowed=y

Norsk institutt for bioøkonomi. (2018, 11. juni). Dyrkingsjordas surhetsgrad. Henta 26. april 2020 frå https://www.nibio.no/tema/jord/gjodslingshandbok/betraktninger-om-gjodslingsplanlegging-og-gjodsling/4.dyrkingsjordas-surhetsgrad

Skrive av Åsgeir Rossebø Almås, Ragnhild Kjeldsen og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2021