Film: Sjå mikrokosmos gjennom mikroskopet - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Film: Sjå mikrokosmos gjennom mikroskopet

For å forstå biologi må vi ha kunnskapar om den minste eininga for alt liv: cella. Men korleis er det mogleg å jobbe med noko som er så lite? Bli med Bjørnar Sporsheim til NTNU, og sjå korleis han jobbar for å forstå kva som skjer inne i cellene.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Nysgjerrigper!

Kvifor trur de Bjørnar vanlegvis dyrkar plantar til forsking på cellelaboratorium i staden for å hente plantemateriale ute?

Med eit enkelt USB-mikroskop kan du òg studere pikslar på mobiltelefonen din akkurat slik som Bjørnar.

Skrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022