Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bør ein sensurere nett-trolla?

Skal vi akseptere alle former for ytringar i nettaviser og sosiale medium, eller bør ein innføre strengare kontroll med kva folk får høve til å publisere offentleg?

Skriv eit debattinnlegg om hatefulle ytringar

Emma Martinovic overlevde Utøya-massakren. Sjå intervjuet med henne over, og les kronikken ho seinare skreiv: Ti år med terror i hodet (nrk.no).

Mange av dei overlevande frå Utøya har i ettertid vore utsette for sjikane og hatefulle ytringar i sosiale medium. Korleis bør vi som samfunn reagere på det? Bør vi forby denne typen ytringar? Bør vi teie dei i hel, eller bør vi ta til motmæle?

Skriv eit debattinnlegg på cirka 400 ord til ei avis eller ei nettavis. Argumenter for synet ditt på spørsmåla over.

Før du skriv innlegget bør du lese Sven Egil Omdals kronikk "Sprekk trolla verkeleg?".

Relatert innhald

Når norske redaktørar skal forsvare kvifor dei slepp hat og framandfrykt til i spaltene, viser dei ofte til at troll sprekk i sollyset.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.10.2021

Læringsressursar

Retorisk medborgarskap og debattkultur